Frå historia

Kven skal ha makta?

Platon (428 f.Kr.–347 f.Kr.).
Platon (428 f.Kr.–347 f.Kr.).
Publisert

Makta som historisk aktør dukkar tidleg opp i historia. I urforteljinga om korleis alt vart til, historia om Edens hage i Mosebøkene, bruker den allmektige Gud allmakta si til nådelaust å straffe dei ulydige menneska. Gud hadde makta og brukte henne. Og det vart synd om Adam og Eva, som var rettslause og maktlause.

Då Gud etter kvart trekte seg tilbake til himmelen, tok han allmakta med seg. Det skrøpelege og avmektige mennesket måtte åleine greie seg mot ein mektig og vill natur med den makta som vart att.

Det vart eit strev, med vêr og vind, farlege og ville dyr, sjukdommar og mykje anna.

Men éin bit av makta vart att på jorda, mellom menneska: makta til å ordne samlivet menneska imellom.

Og kampen om denne restmakta var i gang. Maktkampar vart eit uendeleg tema i historia. Å fordele den makta som var att, var menneskets makt og ansvar.

Og det vart tenkt, av tenkjarar, politikarar og folk flest. Det vart mykje uro og maktbruk, for å få makta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement