Frå bridgeverda

Fedrar og døtrer

To døtrer greidde å overtyde fedrane sine om å spela i makkerskap med dei, eller omvendt. Det enda med gull. Frå venstre Katarina Ekren, Kaja Brekke, Vegard Brekke og Bjørn Olav Ekren.
Publisert

Som fåe vil hugse, heiter eit tidlegare avsnitt av denne spalta «Fedrar og søner». Ettersom underskrivne vil knuse førestillinga mange har om bridgen som mannsdominert, prøver vi denne gongen ein vri.

Under den årlege Norsk bridgefestival, som i nyare tid har gått føre seg i byar så forskjellige som Fredrikstad, Drammen og Lillehammer, blir det arrangert mange noregsmeisterskapar, også i kategorien mix. Det tyder at mann og kvinne spelar som par.

At mixbridgen har sine kritikarar, særleg menn som synest det er vanskeleg å spela med kvinner, skal vi ikkje gå inn på her. Vi skal heller ikkje drøfte det faktum at mange som trur det må vera hyggelegare å spela mixtevling enn andre bridgetevlingar, endar med å bli skuffa, fordi ein i mixtevlingar alltid møter ein masse ektepar som har levd for lenge i lag og ved bridgebordet ser eit høve til å kamuflere gamalt agg som konstruktiv kritikk av makker. Sist, men ikkje minst, skal vi ikkje gå inn på den gamle historia om bridgejournalist Tommy Sandsmark, som ein gong kledde seg ut som den fiktive amerikanske damebridgespelaren Doris Backgammon for såleis å kunne spela mixtevling med mannleg makker.

Nei, det vi skulle nemne, var ein populær siger i NM mix lag under bridgefestivalen no i år. Her gjekk nemleg to fedrar i makkerskap med sine respektive døtrer heilt til topps blant 74 lag. Vegard Brekke er grafisk designar, Bjørn Olav Ekren geofysikar og i tillegg internasjonalt kjent som oppfinnaren av meldekonvensjonen Ekrens 2 ruter, ein kontroversiell variant som han vel å merke ikkje bruker sjølv. Kaja Brekke er 21 år og vender snart attende til Handelshøgskulen i Bergen etter å vore på utveksling – og også spela bridge – i Sør-Afrika. Katarina Ekren er 28 år og arbeider som konsulent innan IT.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement