Ord om språk
Fælt so fælen
Me treng ikkje fæla for at fæl skal gå or bruk med det fyrste. Ordet vert nytta fælt ofte, men det tyder ikkje at verda er full av fælske. Mykje av det som vert kalla fælt, er i røynda gildt og godt. Den som er ein fæling på ski, er ein dugande skilaupar. I verket Gamalt or Sætesdal vert ordlaget «so fælt eit brudlaup» nytta ei handfull gonger. Då var festen storfelt og flott.
Kor gamalt dette adjektivet er, veit me ikkje. Dansk fælvert rekna som ei yngre form av fælen, som heng i hop med verbet fæla. Norsk fæl og svensk fäl kan derimot vera gamle former, skriv Bjorvand og Lindeman i Våre arveord (2019). Hadde me endå funne ordet i norrøne kjelder! Der ser me skimten av fæl berre éin stad: Adverbet fælt (‘reddvore’) er nytta i strofe 46 (i nokre utgåver: strofe 47) i eddadiktet Atlemål.
Men me finn nokre nærskylde ord i norrønt, som fæla (‘gjera redd’), fælast (‘verta redd’), fæling (‘skremsle’) og fælinn (‘redd’). Ein teori er at fæl-orda kjem av same rota som verbet falla truleg kjem frå. Den rota tydde ‘slå’. Kan henda har det vore eit tydingsskifte frå ‘slå, støyta’ til ‘plaga, skremma’.
Om me vil få fram at noko er uhyggjeleg, stygt, ufyseleg eller leitt, er fæl midt i blinken. Me kan ha fæle opplevingar, til dømes med ein fæl storm, eit fælt syn eller ei fæl lukt. Me kan vera fæle i kjeften og skitne og fæle. Dei lengre slektningane fælande, fæleleg, fælskeleg og fælsleg gjer same nytta («eit fælsleg skrik», «flira fælskeleg», «ha ei fælande makt»).
Det var då fælt til fælskap, kan me tenkja, og det endar ikkje der. Om folk som er vortne redde, kan me seia at «fæla (el. fælska) tok dei», og at «dei tok fæle» eller «drog fæla åt seg» og liknande. Forfæld (‘forstøkt, skremd’) tyder mykje det same som forferda, men opphavet er ulikt: Sistnemnde heng i hop med fare. Det er elles verdt å nemna adjektivet og adverbet fæla, som er vanleg i mange målføre («ein fæla fart»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.