Er du ein ekte sjakkspelar?
Ein ekte sjakkspelar: Den danske stormeisteren Sune Berg Hansen (48).
Foto: Wikipedia
Ingen veit kor mange sjakkspelarar det finst i verda, av di ingen veit korleis ein definerer «ein sjakkspelar». Er det ein som kan reglane? Ein som spelar på hytta éin gong i året? Ein som spelar i klubb? Det talet ein gjerne høyrer, er 600 millionar, men det er berre eit tal nokon har funne på.
Vi som er sjakkspelarar på liv og død, talar òg – litt arrogant – om «ekte sjakkspelarar». I den opne danske juniormeisterskapen i 1990 vart eg kjend med ein såvoren. Sune Berg Hansen er i dag ein stormeisterveteran og nestor i det danske sjakklandslaget. Han publiserte nyleg på Facebook ei uoffisiell liste over teikn på at ein er ein ekte sjakkspelar. Eg redigerer og forklarer:
Når du vert teken i ei lygn, tenkjer du «om eg no berre kunne rokera…». Når diskusjonen ikkje kjem vidare, avsluttar du med ordet «patt». Du seier «en passant» når du snik i køen til salatbuffeen. Du seier «j’adoube» når du tek det siste kakestykket på bordet (= sjakksjargong for å retta på ei brikke som står skeivt i ruta).
Du elskar klippfisk (Stockfish er det beste sjakkprogrammet på marknaden). Du seier til deg sjølv: «Berre to lynparti på internett før eg går på jobb…» – men ti timar seinare sit du framleis skjelvande i morgonkåpa med musa i handa. Når du kjem til utgang B19 på flyplassen, tenkjer du på hovudvarianten i Caro–Kann (jugoslavisk klassifisering for sjakkopningar som vart ein internasjonal standard).
Du trur slaget i Hastings refererer til turneringa i 1895 med verdsmeistrane Steinitz og Lasker. Du trur dei tre største spanske byane er Madrid, Barcelona og Linares (Linares, med 60.000 innbyggjarar, arrangerte turneringar med verdseliten for 10–20 år sidan).
Kona di spør: «Sex eller sjakk?» Og du svarar: «Det kjem an på stillinga.» Du skil deg frå kona med orda: «Vi er som lauparar på ulike diagonalar som aldri kan kryssa kvarandre» (kjent sitat frå verdsmeister Spasskij).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.