Er du ein ekte sjakkspelar?

Ein ekte sjakkspelar: Den danske stormeisteren Sune Berg Hansen (48).
Ein ekte sjakkspelar: Den danske stormeisteren Sune Berg Hansen (48).
Publisert

Ingen veit kor mange sjakkspelarar det finst i verda, av di ingen veit korleis ein definerer «ein sjakkspelar». Er det ein som kan reglane? Ein som spelar på hytta éin gong i året? Ein som spelar i klubb? Det talet ein gjerne høyrer, er 600 millionar, men det er berre eit tal nokon har funne på.

Vi som er sjakkspelarar på liv og død, talar òg – litt arrogant – om «ekte sjakkspelarar». I den opne danske juniormeisterskapen i 1990 vart eg kjend med ein såvoren. Sune Berg Hansen er i dag ein stormeisterveteran og nestor i det danske sjakklandslaget. Han publiserte nyleg på Facebook ei uoffisiell liste over teikn på at ein er ein ekte sjakkspelar. Eg redigerer og forklarer:

Når du vert teken i ei lygn, tenkjer du «om eg no berre kunne rokera…». Når diskusjonen ikkje kjem vidare, avsluttar du med ordet «patt». Du seier «en passant» når du snik i køen til salatbuffeen. Du seier «j’adoube» når du tek det siste kakestykket på bordet (= sjakksjargong for å retta på ei brikke som står skeivt i ruta).

Du elskar klippfisk (Stockfish er det beste sjakkprogrammet på marknaden). Du seier til deg sjølv: «Berre to lynparti på internett før eg går på jobb…» – men ti timar seinare sit du framleis skjelvande i morgonkåpa med musa i handa. Når du kjem til utgang B19 på flyplassen, tenkjer du på hovudvarianten i Caro–Kann (jugoslavisk klassifisering for sjakkopningar som vart ein internasjonal standard).

Du trur slaget i Hastings refererer til turneringa i 1895 med verdsmeistrane Steinitz og Lasker. Du trur dei tre største spanske byane er Madrid, Barcelona og Linares (Linares, med 60.000 innbyggjarar, arrangerte turneringar med verds­eliten for 10–20 år sidan).

Kona di spør: «Sex eller sjakk?» Og du svarar: «Det kjem an på stillinga.» Du skil deg frå kona med orda: «Vi er som lauparar på ulike diagonalar som aldri kan kryssa kvarandre» (kjent sitat frå verdsmeister Spasskij).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement