Ord om språk
Enkeltvis på enkelt vis
Denne veka vert det enkeltdans i spalta. Det er eit enkeltståande tilfelle. Ordet enkel er enkelt å bruka, og me høyrer ofte at det enkle (eller enklaste) er det beste. I mange tilfelle er det tenleg å gjera det enkelt, men å gripa til enkel heile tida vert for enkelt. Dessutan er det temmeleg enkelt å finna avløysarar til enkel. Me har til dømes einskild, einstaka, liketil, lettvinn, vanleg, beinkløyvd, grei, klår, skjønleg, sparsam og smålåten.
Eit vanleg mistak er å leggja for stor vekt på enkeltstudium. Å driva med enkel-studium er greiare, so lenge me ikkje overforenklar når me legg fram funna våre. Enkel heng i hop med talordet ein. Av dette talordet vart det ein gong laga eit adjektiv med k, som me skimtar i norrønt einkum (‘særskild; framifrå, utmerkt’) og norsk einkom (‘einast, særskild; eins ærend’). Ordet enkje er òg laga av dette adjektivet. Det same gjeld enkel, som er kome inn i nordisk frå lågtysk.
Målfolk har støtt hatt ulike meiningar om desse lånorda. I den store ordboka si tok Aasen fyrst og fremst med heimlege ord, eller ord som høyrer med til «det nationale Ordforraad», som han skriv i fortala. Men han såg seg nøydd til å ta med nokre framande ord òg, «da deres Brug i Landet er mere almindelig og tildeels ogsaa noget gammel». Nokre av desse orda vart merkte med hakeparentes, mestsom eit lite varselskilt. Enkel er mellom dei. Andre slike ord er dokter, einig, kjettar, mangla, straff og traktera.
Bruken av enkel er utan tvil «almindelig». Ofte er det motstykket til dobbel. Me kan ha enkle vindaugo, bu på enkeltrom, laga jarnbaner med enkeltspor, ta på oss ei enkeltknept kåpe og skriva eit ord med enkeltkonsonant. Andre gonger brukar me enkel til å målbera at noko ikkje er innfløkt, staseleg eller bognande, jamfør «enkel oppbygnad», «koma frå enkle kår», «ein enkel, men smakfull kjole» og «ei enkelt møblert stove». Nokre likar å omtala seg sjølv som «ein enkel fyr (frå landet)». Å skryta av at ein er enkel i hovudet, er mindre vanleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.