Eit liv som sjakkbrikkeArabarane tok med seg sjakkspelet til Spania på 900-talet. Men visste du at det fyrste partiet med moderne reglar – men utan rokaden! – vart spela i Valencia omkring 1470? Den nordmannen som veit mest om dette, er Morten
Morten Lilleøren og ei Lewis-dronning.
Foto: Sylvia Johnsen/British Museum
Arabarane tok med seg sjakkspelet til Spania på 900-talet. Men visste du at det fyrste partiet med moderne reglar – men utan rokaden! – vart spela i Valencia omkring 1470? Den nordmannen som veit mest om dette, er Morten Lilleøren (63).
Han dukkar av og til opp på Blindern, men eg trur ikkje han får noko særleg ut av dei historisk interesserte kollegaene mine på universitetet, så han endar ofte opp på kontoret mitt. Eg skjønar, om ikkje anna, kvifor sjakkhistorie er interessant. Så eg lèt han prata.
Historieskrivinga på området er ofte så dårleg at ein må gjera kjeldearbeidet sjølv. Lilleøren er sjølvlært sjakkhistorikar med ekspertise på mellomalderen. Gjennom arbeidet som nattevakt på NRK i fleire tiår har han nytta dag og natt til å studera den tidlegaste sjakkhistoria. Som han seier i si eiga omsetjing av den persiske poeten Omar Khayyam (1048–1131): Livet – eit sjakkspel av dag og natt// der me er brikker i lagnadens vev// som flyttar, slår og gjer oss matt// og legg oss ned i eska att.
Ein ordboksforfattar tok ein gong kontakt med Lilleøren for å høyra om etymologien til sjakkbrikkene og sjakkuttrykk, men røyndomen var så komplisert at leksikografen valde å dikta opp si eiga historie. Lilleøren har ei spesiell interesse for Lewis-brikkene av kvalrosselfenbein som vart funne på Hebridane på 1800-talet. Han drøymer sjølv om å verta ei sjakkbrikke i eit av sjakkdikta sine: Når jeg dør, kan mine bein da sages// i biter – og sjakkbrikker lages?// Så kan århundrer gå// mens jeg fortsatt får stå// midt på brettet i spill etter spill:// Det er intet jeg heller vil!
Lilleøren har samla ei rad prov for at Lewis-brikkene vart lagde i Trondheim på 1100-talet. Han argumenterer vidare for at sjakkspelet kom til Norden, ikkje med arabarane, men frå Persia og det Kaspiske havet via dei russiske elvene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.