Ei mykje sitert utsegn frå 125-årsjubilanten Tarjei Vesaas går slik: «Har eg skrive hest, so meiner eg hest.» Om me skal tru forfattaren eller ikkje, lyt me drøfta ein annan gong. Hovudsaka her er at mange av oss jamleg gjer det motsette av det Vesaas seier at han gjer. Me skriv og seier hest og meiner noko anna enn hovdyret med det vitskaplege namnet Equus caballus.
Me kan til dømes gripa til apostelhestane, stanga hovudet i sengehesten, koma oss opp på hesten att og nappa nokon i hestehalen – alt utan å røra ved eit einaste hestehår. Ein hestehandel treng slett ikkje ha noko med hestar å gjera, og dei nye parhestane og dei gamle sirkushestane er ofte menneske. Nokre av dei som salar sin vengehest (pegasus), veit ikkje att og fram på ein sal.
Lat oss setja oss i hestesko og sjå kva lesehestane har å seia om hest (norr. hestr). Ordet finst berre i nordiske mål, men det skal vera svært gamalt likevel. Opphavleg viste hest berre til hanndyret, og det høyrer i hop med hingst, som er eit ord me har fått frå lågtysk (jf. nl. hengst, ty. Hengst). Elles veit me fint lite om opphavet.
Det kjende og kjære dyret har ei rad andre namn, som øyk (nærskyldt åk), gamp, fole, føl, hoppe, merr og hors (‘merr; lauslynt kvinne’). Norrønt hross (‘hest av båe kjønn; merr’, jf. eng. horse) dukkar opp i røsslyng og kvalross. Merr er avleitt av eit gamalt ord for ‘hest’ som me finn att i norrønt marr og innlånte ord som marskalk (eig. ‘hestepassar’, eng. marshal). I norrønt har me òg jór (‘hest’), som er skyldt latin equus (‘hest; hingst’). Ordet ter seg fremst i namn som Jostein og Joar. Attåt alt dette kjem nemningar for ulike slag hestar: dølahest, fjording, fullblodshest og so bortetter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.