Ein innpåsliten slitar

Publisert

Verbet slita er so slitesterkt at tusen år med jamn bruk snautt har sett merke på det: Norrønt slíta er vorte norsk slita (eller slite), og den sterke bøyinga er framleis med oss. Dette arveordet svingar seg ofte i kvardagsmålet vårt, men det er ikkje innblanda i mange forslitne frasar. Det er vel eit teikn på usliteleg kraft og kanskje til og med usliteleg humør.

Norrønt slíta og vårt slita er temmeleg like når det gjeld tyding òg. Seiemåten «slíta eitthvert» tyder ‘slita, riva laus eller sund noko’, og då som no kunne kleda vera «sundr slitin». Dessutan vart slíta gjerne bruka om å gjera ende på eller bryta (av) noko, og substantivet slit kunne tyda ‘brot, åtskiljing’. Slik kan me framleis bruka desse orda. Me kan «slita laget» (gå frå eit selskap eller bryta opp selskapet), og ordet buslit har vore nytta som avløysar for konkurs. Eit buslitsbu er med andre ord eit konkursbu. Ivar Aasen opplyser elles at ordlaget «slita seg» nokre stader vert nytta om å spy (Norsk Ordbog).

Men som oftast vert slita nytta i ei av desse tre tydingane: ‘riva i noko so det brest’; ‘tøya sterkt’; ‘bruka noko lenge eller mykje (so det tapar seg)’. Vinden kan riva og slita i huset, og husveggen kan vera vêrsliten eller målingssliten (d.e. at målinga til dels er borte). Hunden kan slita i bandet eller rett og slett «slita seg». Me sjølve kan slita oss opp, ut, gjennom og fram, og om me ikkje vert slitne nok av dette blodslitet, kan me finna eitkvart anna som me kan slita av, slita over, slita ned, slita bort, slita på eller slita ut. Klede er noko av det me slit mest, i alle fall var det slik før, og dei som «har noko til å bita og slita», har både mat og klede. Møbel og underlag vert òg slitne av ferdsla vår. Du kan slita skulebenken eller vera asfaltslitar (storbybuar), men blankslitne bildekk skal du ikkje ha. Dersom du er fæl til å slita trappene eller slita ut dørstokken for nokon, vert du radt stempla som slitsam eller innpåsliten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement