Frå historia

Ein ekskonge slår tilbake

Kong Edvard 8., seinare hertug av Windsor, og mor hans, dronning Mary, då dei kom til Whitehall i London 11. november 1936, ein månad før han abdiserte.
Kong Edvard 8., seinare hertug av Windsor, og mor hans, dronning Mary, då dei kom til Whitehall i London 11. november 1936, ein månad før han abdiserte.
Publisert Sist oppdatert

Året 1936 var eit svart år for det engelske kongehuset, eit annus horribilis, for å låne ei formulering frå dagens engelske monark, den hardt prøvde Elizabeth 2.

I januar døydde kongen, Georg 5. Sonen Edvard vart utropt til ny konge, Edvard 8. Han hadde i fleire år hatt eit kjent forhold til Wallis Simpson, ei amerikansk kvinne som hadde vore gift to gonger før. No ville han legalisere forholdet og gjere henne til engelsk dronning.

Den engelske kongen var overhovud for den engelske kyrkja, som sterkt motsette seg eit slikt giftarmål. Det same gjorde det konservative partiet. Etter eit heitt år i engelsk politikk rådde statsminister Baldwin kongen til å abdisere, som han gjorde 11. desember. Han var konge eit kort år.

Men konflikten handla om meir enn ekteskap og dronningval. Edvard hadde lenge vist interesse for og sympati med nasjonalsosialismen i Tyskland. Det sette ein støkk i regjeringa. Ekstremhøgre var på frammarsj i Europa, som ekstremvenstre var det, Hitler var på plass i Tyskland, som Mussolini i Italia, medan Franco var på veg mot makta i Spania. Og i Sovjet regjerte Stalin. Ingen kunne kjenne seg trygg. Regjeringa var nervøs. Ein nazisympatisør i Buckingham Palace var urovekkjande.

Som kronprins hadde Edvard nær kontakt med Osvald Mosley, den engelske nazileiaren.

Etter abdikasjonen reiste han til utlandet. Då krigen braut ut, kom han heim. Han heldt ved like dei europeiske kontaktane sine, til irritasjon for regjeringa. I juli 1940 greip statsministeren, Winston Churchill, inn og sende han til Bahamas som utnemnd guvernør. Han var landsforvist og borte, ute av biletet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement