«Eg toler ikkje ungar som græt i sjakken»
Sjakk er arbeid.
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Foto: Fredrik Hagen
Eg toler ikkje ungar som græt. Altså, eg har ikkje problem med ungar som græt på tog eller fly eller på hytta når ein spelar ludo og kort. Men eg toler ikkje ungar som græt i sjakken.
Det er nok av di sjakk er ein så stor del av livet mitt. Sjakk er arbeid. Tenk deg at du har ein lang arbeidsdag på kontoret. Du skal gjera ferdig noko som krev full konsentrasjon i fire–fem timar. Ein kollega har med barnet sitt på jobb. Greitt nok. Men ungen sit nokre meter frå deg og græt. Det er ikkje til å halda ut.
Då eg sjølv var sjakkbarn, konkurrerte eg i ni år med og mot sjakkvenene mine på Ila skule. Vi gret aldri. Mine eigne sjakkborn, ein son og ei dotter, gret aldri. Dei skjøna alvoret.
Då barna mine gjekk på Bjølsen skule, vart eg sjakktrenar. Skulen på Oslo aust var den gongen rangert som nummer 1790 i ei miljøundersøking av alle 1791 norske skular. Men sjakken gjekk bra. Etter fem år med hardt arbeid vann vi noregsmeisterskapen for skulelag. Ingen gret, jamvel om det vart nokre slag og spark undervegs.
Så til dei som græt: Det var guten som gret etter eit tap, slutta med sjakk og vart landslagsspelar i fotball.
Og så var det seksåringen som stod tårn under mot ein mann som hadde tatt fri frå jobben og sett av dagen til dette sjakkpartiet. Guten gret og gret. Han belja.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.