Sjakk

Dzindzi

Roman Dzjindzjikhasjvili, «Dzindzi».
Roman Dzjindzjikhasjvili, «Dzindzi».
Publisert

Eg har lese om Dzindzi, eg har skrive om Dzindzi, og eg har leitt etter Dzindzi. Eg var i Washington Square Park som gutunge tidleg på 1980-talet og såg gjengen til Dzindzi, men då visste eg ikkje kven han var. Då eg var attende i parken i 2015, var han borte.

Lenge var det nesten umogleg å finna bilete av Dzindzi. Tru meg, eg prøvde. For sju år sidan fekk eg endeleg kontakt med ein svensk sjakkfotograf som hadde teke eit bilete av Dzindzi med sigaretten. Han visste han sat på gull, så forhandlingane var harde.

Dei siste åra har det skjedd ei utvikling på Internett. Det dukkar opp gamle videosnuttar og bilete som stadfestar anekdotane som har levd frå munn til munn i sjakkmiljøet i ein mannsalder.

Roman Dzjindzjikhasjvili
(f. 1944) frå sovjetiske Georgia kom seg til Vesten i 1976. I 1980-åra – då han var i verdseliten – valde stormeisteren å leva av lynsjakk i Washington Square Park på nedre Manhattan. Dzindzi vart den beste hustlaren i sjakkhistoria.

Lynsjakk er òg språk (på engelsk: banter blitz). Dzindzi tok ei brikke: «yum yum». Dzindzi sjakka motstandaren: «checky whecky». Så når han «åt» ei brikke med sjakk, vart det «checky whecky yum yum». Den språklege leiken var uendeleg. Når han «åt» ei brikke utan sjakk, kunne det lyda «yum yum no checky whecky», og når han sjakka utan å slå ei brikke, vart det difor «checky whecky no yum yum».

Sjakkfolket elska det og flokka seg rundt Dzindzi i parken. Arrogansen hans var legendarisk: «In this position Black has checkmate or better.» Mot amatørane gav han forgåve (tidshandikapp): eitt minutt mot fem. Men ikkje nok med det, Dzindzi med berre eitt minutt på klokka ville òg ta veddemål på kva for eit felt, av 64 moglege, han skulle setja deg sjakk matt på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement