Dovlatovs aforismar

Kultforfattaren Sergej Dovlatov (1941–1990) emigrerte til USA i 1978.
Kultforfattaren Sergej Dovlatov (1941–1990) emigrerte til USA i 1978.
Publisert

Den bitre Sovjet-nostalgien ein får av å lesa Sergej Dovlatov, fungerer av di forfattargeniet var ein ekte sovjetborgar, men hadde ironisk distanse som dissident. Det var fyrst då han emigrerte til USA at han kunne publisera historiene sine.

I denne stubben skal eg berre trekkja fram nokre typiske aforismar som gjer Dovlatov til min russiske favorittforfattar. Om lesaren ikkje likar kommunistar, må han ikkje gle seg for tidleg: «Etter kommunistar hatar eg mest av alle antikommunistar», sa Dovlatov. Som språkstudent i Leningrad, med spesialisering i finsk, strauk han fire gonger til tyskeksamen då han berre kunne to tyske «gloser»: Marx og Engels.

Han meinte sovjetmakta ikkje fortente at han barberte seg, så difor var han ein kronisk ubarbert, fattig, upublisert forfattar: «I dag har eg talt over alle pengane mine utan å ta opp handa frå bukselomma.» Eit anna favorittsitat: «Livet gjorde syskenbarnet mitt til kriminell. Han var heldig. Eg er viss på at han elles ville ha vorte ein leiande partifunksjonær.»

Mange av Sovjet-aforismane hans er ganske universelle. Her kjem fire døme: «Eit anstendig menneske er ein person som lagar kvalm for andre utan å ha glede av det.» «Når ein krev at nokon gjer noko idiotisk, kallar ein det for ‘profesjonalitet’.» «Folk seier at problemet er uløyseleg når dei ikkje likar løysinga.» «Eit geni har òg naboar, men kven vil seia at naboen er eit geni?»

Han har òg ein aforisme som nordmenn vil skjøna betre enn andre: «Kompleks finst hos alle normale menneske, berre ikkje hos skilauparar.»

Dovlatov skreiv seg inn i russisk litteratur på mange plan: «Den største ulukka i livet mitt var då Anna Karenina døydde.» Og denne: «Alle talentfulle forfattarar skriv på sitt eige vis, medan alle talentlause forfattarar skriv på same vis» (sjekk fyrste side i «Anna Karenina» for referansen).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement