Diktet

Diktet

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen får vi eit attersyn med den skogfinske diktaren Åsta Holth (1904–1999) og diktsamlinga hennar Porkkalafela (1946). Som eg skreiv her i spalta 28. mars, inneheld denne samlinga mange forteljande dikt. Diktet samlinga har tittelen frå, om Ola Porkkala og den magiske fela hans, høyrer til denne diktgruppa. Ola, som levde tidleg på 1800-talet, inngjekk ei pakt med djevelen, Puken. I byte mot sjela lærte djevelen han å spela betre enn nokon andre. I fjor var det eit radioprogram om Ola Porkkala på NRK radio, og Cathrine Strøm presenterte diktet i denne spalta for nokre år sidan.

Difor har eg valt eit anna historisk, forteljande dikt, «Raattikainen», namnet på ein av forfedrane til skogfinnane. Eg gjev att to strofer frå byrjinga og den nest siste strofa. Skogfinnane stammar frå finnar som innvandra til Sverige frå slutten av 1500-talet og vidare til det søraustlege Noreg frå 1640-åra. Det er temaet i dei fyrste to strofene, der vi høyrer om kona hans, Anni. Diktet fortel òg om det tradisjonelle jordbruket til skogfinnane, svedjebruk, «brenne bråte».

Holth fortel så korleis heimlengten tek Anni: «Kvifor gret hans unge kone?/ Bleikna bort som strå om hausten». Men så flyttar Raattikainen huset deira til eit høgdedrag der «skogen stenger ikkje synet». Reaksjonen hennar står ovanfor. Når alt kjem til alt, er det kjærleiken hans til henne ho verdset mest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement