Det blømer i havet
Havet er òg ein åker. Her blømer kalkflagellaten Emiliana huxley utanfor Finnmark.
Foto: European Space Agency (ESA)
På forsommaren lyste blømande frukttrær og mengder av markblomar opp i dei milde juni-nettene. Det blømde i havet òg, men mange av plantene der er små, mindre enn ein tiandedels millimeter. Til gjengjeld er dei så mange at ein kan sjå dei frå verdsrommet, der dei utover sommaren kan farge mange av fjordane våre intenst turkise. Algebløminga kan vere vakker, og algane gir naudsynt oksygen til hav og luft. Men algar kan òg produsere giftstoff som drep fisk eller samlar seg i blåskjel og gjer livet surt for dei som liker ferske skjel på sommarmenyen.
LIVSVIKTIGE ALGAR
Tidleg i historia til jorda var det algane i havet som produserte oksygenet som danna eit beskyttande ozonlag ytst i atmosfæren, og som etter kvart samla seg i lufta medan nivået av CO2 gjekk ned, ein prosess som i sum gjorde det mogleg for dyr å puste og leve på landjorda. Desse store mengdene med plankton gjer enno ein livsviktig jobb for å binde CO2 og produsere oksygen. Her, langs kysten vår, er det som regel kiselalgar som kjem først, noko vi kan sjå ved at vatnet blir uklårt og brunaktig på farge. Men den vakraste bløminga i dei norske fjordane kjem frå neste bølgje med mikroalgar: kalkflagellatane. Den langt vanlegaste er Emiliana huxley, eit naturfenomen av nærast ufattelege dimensjoner: Havet blir fylt opp frå ekvator til polsirklane, og havområde på titusenvis av kvadratkilometer blir til grøne åkrar på grunn av lysbrytinga i sjøvatnet, der det kan samle seg fleire millionar algeceller i kvar liter.
LIVSFARLEGE ALGAR
Mindre synlege og meir problematiske er algane frå slekter som Chrysochromulina og Alexandrium, dei finst i fleire artar som har det til felles at dei kan produsere giftstoff som slepper ut i vatnet, eller som kan bli til skade på andre måtar. Dei som les Mattilsynets blåskjelvarsel med stor interesse kvar sommar, veit at med algebløming kjem periodar med giftige skjel. Verre er det at store algeblømingar òg kan drepe fisk. Truleg er det ein kombinasjon av giftstoff i vatnet og mekanisk irritasjon frå algane som skader gjellene til fisken; når algemengdene stig til eit nivå på millionar per liter vatn, kan fisken få akutte pusteproblem og bli strupt i løpet av få timar. Det var fleire store utbrot langs noregskysten i åra 1988–1992, med fiskedøden i Skagerrak i 1988 som det mest alvorlege. Etter det har algar teke livet av fisk i Chile og Canada, men her i Noreg kom ikkje neste store utbrot før i 2019, då vi fekk ein brå oppvekst av Chrysochromulina leadbeaterii frå Ofoten til Sør-Troms. Over 8 millionar fiskar døydde, trass i ein stor redningsoperasjon med nødslakting og flytting av fisk frå dei mest utsette anlegga.
EIT HAV I ENDRING
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.