Den velsigna teknologien?
Damplokomotiv av type 31, som var eit høgfjellslokomotiv for Bergensbanen.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix
Teknologien er menneskets forsøk på å skaffe seg hjelpereiskapar til å greie seg i livet. Teknologispranga har vore mange, frå flint til metall, frå penn til boktrykking, frå den første primitive båten til romskipet. Då vi lærte å omskape energi til arbeid, ved å sette energien inn i maskinar som leverte arbeid tilbake, var industrien og vår moderne rikdom på veg inn i historia.
Samtidig er teknologien dramatisk samfunnsformande. Historia er full av forteljingar om folk som prøvde å stogge teknologien, fordi han tok arbeidet frå dei. Teknologien har skapt skepsis og motstand, men også entusiasme og optimisme. Når det i dag er mindre svolt i verda enn på svært lenge, kanskje for alle tider, er det teknologien å takke, plante- og dyreutvikling, kunstgjødsel og insektsmiddel.
Teknologiutviklinga skaut fart i kjølvatnet av utviklinga av vitskapen. Den auka kunnskapen om naturen gav grunnlag for at handverkarar, smedar og andre hendige folk kunne løyse krefter i naturen, eit fruktbart samarbeid mellom vitskap og handverk. Den franske encyklopedien – grunnboka for opplysingstida – var full av arbeidsteikningar for nyttige instrument og reiskapar. Det var ei tid for entusiasme.
I 1851 var det ei verdsutstilling i London, der det nye vart vist fram. Ei engelsk vekeavis skreiv om kor viktig den nye teknologien var for forståing og forsoning mellom folka. I 1851 hadde det ikkje vore krig i Europa sidan Napoleon vart send til St. Helena. Avisa skriv: «Kven kan seie, om vi hadde hatt eit jernbanenett gjennom Europa i 1780, og dampbåtar som pløgde mellom New York og Liverpool i same perioden, om Napoleon Bonaparte ikkje då heller ville blitt ein stor bomullsspinnar i 1810?» Teknologien kunne ha ordna opp i problema i fortida også, med andre ord. Blod kunne vore spart.
Jernbanen var kanskje det største av alle vedunder då han kom. Vi fekk vår første jernbaneline frå Oslo til Eidsvold i 1854. I 1859 reiste Aasmund Olavsson Vinje med toget på vegen til kongekroninga i Trondheim. I Ferdaminni frå 1860 fortel han om togturen: «Det er Livsens Aand i Hjulom» som Profeten talar om. Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa Jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget av vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa baade Sidur av Sigerskeidet: ’Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!’»
Vinje bles triumferande i den teknologioptimistiske trompeten. Vegen til framtida var opna. Og framtida køyrde tog. Om ikkje mennesket var blitt udøyeleg, så var det i alle fall ingen grunn til å mase om døden der og då. Toget forjaga slik uro.
Vi er nok blitt for blaserte til å forstå ei slik oppleving, då alt var nytt.
Ein mann eg kjende, ville gjere ære på kona si som hadde fødd 13 born til han. Han inviterte henne på togtur frå Bergen til Oslo då Bergensbanen var opna. Stigninga opp på høgfjellet gjekk fint. Så byrja det å gå nedover Hallingdalen frå Finse. Frå skøytane i skinnegangen kom ein regelbunden bankelyd, som vart raskare med aukande fart. Då dei hadde høyrt på denne lyden, som kom raskare og raskare nedover mot Haugastøl, såg kona forskrekka på mannen sin. «Å nei! Å nei!» sa ho. «Dette går hakkande gale!» Det gjorde ikkje det. Men fleire togturar vart det ikkje på henne.
Dette var folk eg kjende. Lenger sidan er det ikkje.
Camilla Collett, Vinjes samtidige, såg heilt annleis på det teknologien hadde med seg. Norsk idéhistorie, der eg har funne mykje av dette stoffet, kallar henne ein urban nostalgikar. Ho reagerte sterkt på inngrep i naturen, og på bonden, som «hadde hugget i dens skove»: «Min Dal! Min elskede Dal! raabte jeg. (...) Dig times, hvad der vil, forbliv som før, ensom og forladt og uforstaaet, maatte end aldrig en Menneskefod nedtræde dine jomfruelige Enge! INDUSTRIA var fienden, som vil (…) skjende dine Bredder, forpeste dine Markers rene Blomsterduft og krænke din hellige Stilhed.»
Aasmund frå Plassen, Camilla frå prestegarden, dei skulle begge få følgjesveinar i åra som kom, når vi skulle byggje ut elvar eller vindkraft, eller byggje master for kraftlinene, eller kva anna vi har funne på for å la teknologien temje naturen for oss.
Teknologien er ein gud som har forma vår moderne tid, i konflikt med den gamle guden, Naturen, som lenge rådde åleine. Så langt er det Naturen som er driven tilbake. Mykje kan tyde på at Naturen ikkje lenger vil finne seg i dette, at han er i ferd med å mobilisere politikken på si side i konflikten. Denne konflikten er i dag i ferd med å bli eit hovudtema i politikken.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB