Dei største bukkane Bruse
Geniet Bobby Fischer var meir enn nokon annan verdsmeister ein tragisk figur utanfor brettet.
Foto: Milos Vukadinovic / AP Photo / NTB scanpix
Dei 16 verdsmeistrane i sjakkhistoria er alle sterke personlegdomar med gode og dårlege trekk utanfor brettet. Eg går systematisk gjennom dei største moralske tabbane deira, eller bukkane, som ein seier på sjakkspråket.
Verdsmeister Garri Kasparov (f. 1963) braut ut av verdssjakkforbundet FIDE i 1993. Han har seinare vore så ærleg at han har kalla dette for den største taktiske bukken i karrieren. I 1994 kuppa han det russiske sjakkforbundet og nekta den gamle rivalen Anatolij Karpov å vitja sjakkolympiaden i Moskva. Verdsmeister Karpov på si side hadde på 1980-talet aktivt nytta maktapparatet i Kreml og FIDE i kampen mot den unge, rebelske utfordraren Kasparov.
Verdsmeister Bobby Fischer (1943–2008), med to jødiske foreldre, spela ein duell mot Spasskij i Jugoslavia i 1992, då landet var under FN-embargo. Dette førte til ein uforsonleg konflikt med heimlandet USA. Fischer applauderte åtaket på amerikanarane den 11. september 2001 og la til frå eksil på Filipinane: «Eg vonar dei militære tek over landet og avrettar fleire hundretusen jødiske leiarar.»
Verdsmeister Boris Spasskij (f. 1937) er godt likt i sjakkverda, men miste litt av vørdnaden då den gamle mannen byrja argumentera for at jødane har for stor makt i Russland.
Verdsmeister Tigran Petrosjan (1929–1984) hadde tett kontakt med KGB og gjorde livet vanskeleg for mange av dei andre toppspelarane i Sovjetunionen.
Verdsmeister Mikhail Botvinnik (1911–1995) hjelpte ikkje dei gamle sjakkvenene sine som vart skulda for å ha eit formalistisk syn på sjakkestetikk. Fleire av desse døydde på veg til eller i fangeleirane til Stalin.
Verdsmeister Aleksandr Alekhin (1892–1946) emigrerte frå det gamle russiske aristokratiet til Frankrike nokre år etter revolusjonen. Det var kan henda ikkje nokon bukk, men bukkane kom på rekkje og rad etter at han vart meister i 1927. Alekhin vart alkoholisert og stadig meir opportunistisk. Under krigen tok han del i tyske naziturneringar, og han skreiv fleire antisemittiske artiklar om jødisk sjakk.
Det er òg mykje å gle seg over i sjakken og sjakkhistoria, men det tek vi ein annan gong.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.