JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Dei enkle tankane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Virtanens enkle tanke har forma norske bygdelandskap.

4371
20170428
4371
20170428

Å lese vitskapshistorie kan gje store opplevingar. Modige menn, og nokre kvinner, har forma verdsbiletet vårt og liva våre. Universet er framleis ei gåte, men vi veit meir enn nokon gong. Paradoksalt nok har den auka kunnskapen gjort universet meir gåtefullt enn nokon gong. Medisinens historie er ei forteljing om dødens mange nederlag. Vi blir gamle og lever godt. Vi kan setje enorme energimengder i arbeid. Det tunge kroppslege slitet er langt på veg historie.

Det er all grunn til å bøye seg i takksemd og respekt for pionerane som har gitt oss eit betre liv enn nokon generasjon før oss.

Likevel, midt i respekten og takksemda for all denne utviste genialiteten, kjem det krypande ein uærbødig og oppkjeftig tanke: Dette kunne også eg ha funne på! For ein del av desse epokegjerande tankane er så enkle at også eg kunne ha tenkt dei. Om eg altså hadde gjort det!

For tenkjande menneske har lyset alltid vore eit mysterium. På uforståeleg måte gjer det verda synleg for oss. Kva er det? Partiklar? Bølgjer? Leksikonartiklane er lange. Her er mykje å fortelje.

Og korleis flytter lyset seg? Bruker det tid frå ein stad til ein annan? Galilei prøvde å måle kor lang tid lyset brukte på å fare åtte kilometer. Tida var så lita at ho ikkje var målbar med instrumenta han hadde. Forsøket var mislukka. Descartes – Galileis store samtidige– meinte at lyset ikkje brukte tid på å flytte seg. Og det var rådande lære lenge.

Så dukka dansken Ole Rømer opp, matematikar og astronom. Han streva med eit par månar som gjekk rundt Jupiter. Dei oppførte seg ikkje som dei skulle. Jupiters bane og banane deira var kjende. Men av og til kom dei for seint og av og til for tidleg etter det tabellane sa.

Og så fekk Ole Rømer sin enkle tanke: Jupiter og jorda går begge i banane sine rundt sola. Avstanden mellom dei kan då variere sterkt, etter kvar dei er i banane. Rømer oppdaga at månane dukka opp for seint bak Jupiter når avstanden var stor, og for tidleg når avstanden var liten. Og forklaringa måtte då vere at lyset brukte tid på å fare frå Jupiter til jorda, og meir tid når avstanden var lang enn når han var kort. Månane oppførte seg som dei skulle, til punkt og prikke. Men dei brukte tid for å fortalt kvar dei til kvar tid var.

Lyset brukte tid og hadde fart. Og Rømer rekna ut lysfarten. Han trefte så omtrent. Det var epokegjerande i astronomiens historie. I dag er lysfarten ein konstant i Einsteins verdsbilete, og han er den store forteljaren i universet. Han måler opp og kartlegg universet. Lysår, og dermed lysfarten, er metermålet.

Rømers tanke var enkel og bokstaveleg tala innlysande når han først var tenkt. Og alle forstod at tanken var rett.

Alle som steller med gras, på eng eller i hage, veit kva som skjer når nyslått gras blir lagt til ro i såte. Det byrjar å rotne. Og det rotnar til det er øydelagt. Rotninga produserer syre, som etter kvart stoppar rotninga. Men då er graset øydelagt. Difor har bønder over alt streva med å tørke plantane som skal bli til vinterfôr. Tørt høy toler lagring. Ferskt gras gjer ikkje det.

Då var det at den finske kjemikaren Artturi Ilmari Virtanen fekk sin enkle tanke. Om vi tilset syre straks, vil rotninga aldri kome i gang, og graset kan lagrast utan det tunge tørkearbeidet. Dette er prinsippet i silolagringa. Det er blitt lettare å vere bonde.

Virtanen fekk nobelprisen i kjemi i 1945. Syra til graset i siloen vart oppkalla etter han, som AIV-syre. Dagens syre blir kalla maursyre – ei natursyre som finst i maur, som namnet seier, i brennesle og i kroppssveitte.

Virtanens enkle tanke har forma norske bygdelandskap. Norske jordbruksbygder, som Austlandet, Trøndelag og Jæren, er fulle av store, tomme, raudmåla høyløer, som står der og fortel om gammal teknologi. Ved sida deira står den gamle nytida – store, runde betongsiloar der silograset kunne lagrast. Og ute på engene ligg den nye nytida – plastinnpakka silogras, også kalla traktoregg.

Og landskapsarkitekten er heile tida kjemikaren og nobelprisvinnaren A.I.Virtanen, med sin enkle tanke.

Og denne tanken er så enkel at eg kunne ha funne på han. Det er eg heilt sikker på. Men det var altså A.I.Virtanen som gjorde det.

Enkle tankar, som tankane til Ole Rømer og A.I. Virtanen, sette djupe spor, både i himmel og på jord.

Av og til kan ein lure på om det ikkje er svært enkelt å vere genial. Når ein er det.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis