JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Christian Vs Norske Lov

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Christian V var konge over Danmark-Noreg frå 1670–99.

4119
20170616
4119
20170616

Med lov skal land byggjast, og ikkje med ulov øydast, står det i den gamle landslova. Lovløyse er katastrofalt. Då er retten borte, og makta rår. Alle er i krig med alle, som den politiske filosofen Thomas Hobbes formulerte det. Lovene skaper eit tryggare samfunn.

Difor har dei store lovgjevarane ein ærefull plass i historia: Hammurabi i Babylon, Solon i Aten, Napoleon, med si klassiske lovsamling Côde Napoleon, i Frankrike, Magnus Lagabøte i Noreg, og Christian V i Danmark-Noreg.

Christian V var dansk-norsk konge i 1670–99. Med hjelp frå Ulrik Gyldenløve gjennomførte han mange reformer i Noreg. Han var interessert i økonomi, og hjelpte fram både bypatrisiatane og dei norske leiglendingane. I 1680 sette han ned ein lovkommisjon som skulle lage eit gjennomarbeidd lovverk. I 1687 kom Christian Vs Norske Lov. Ho kom til å bli ståande lenge.

No er det gått 400 år sidan lova kom, og ettertida er Christians paragrafar bytte ut med nye. Lite står att. Ein paragraf som regulerer eventuell økonomi mellom forlovar og den forlova, står att, også paragrafar om lån og kontraktar. Om du har gods i forvaring og det blir øydelagt, av brann, flaum eller anna, så er du ansvarsfri om du har gjort det som var mogeleg for å berge godset, seier Christian Vs lov (2010). Det er det heile.

Men av og til dukkar bitar av gamle dokument opp som potteskår i ei arkeologisk utgraving. Dei minner om, og fortel om noko som var. Fortida kjem til liv.

I 1952 innførte vi skatt av årsinntekta. Dette medførte ein del rutineendringar. Skatteetaten skreiv til skattytarane og bad om visse nødvendige informasjonar for å få det til. Dei sende også eit slikt brev til onkelen min, Ole Skartveit, som dreiv ein liten gard heime på Skartveit. Han var ein heiderleg mann son nok betalte den skatten han skulle betale, men slike brev tykte han ikkje om. Han kasta brevet. Så fekk han nytt brev, som han også kasta. Og det tredje brevet kom. No var tonen mykje skarpare. Skatteetaten gjorde han merksam på at dei hadde maktmiddel for å skaffe seg nødvendig informasjon, og desse hadde dei tenkt å bruke om han ikkje svara. Då var det onkel Ole tok fram det linjerte skrivepapiret sitt, penn og blekk og skreiv til skattefolka. Han var ein lovlydig småbrukar på Skartveit, skreiv han, og no var han komen i hendene på farlege folk, skattefutane. Hans einaste hjelperåd no, var å skyte seg inn under Christian Vs Norske Lov. Der, meinte han, sto denne paragrafen:

Enhver der benytter sig af en Mands Uvidenhed for at skade ham, er hjemfalden til Straf.

Så vidt han kunne sjå, var det dette skattefolka no var i ferd med å gjere. Og no viste onkel Ole til gammal lov mot slikt.

Det kom nytt brev, mjukare i tonen, med ei spesiallaga rettleiing for onkel Ole, og sakene kom i godt gjenge. Christian V hadde gjort teneste. Onkel Ole var nøgd.

Seinare i same tiåret var eg landmålar i sommarferien for å spe på studielånet. Eg var då med og målte opp svenskegrensa. Grensa er markert ved grenserøyser og ei brei gate i skogen der grensa går. Det er eit arbeid som blir gjort regelbunde, for å rydde bort ny skog, for å reparere samanrasa røyser og for å justere posisjonane for grenserøysene etter nyare oppmåling på begge sider.

Og då møtte vi Christian V og hans Norske Lov. Sjefane våre gjorde oss merksame på at grenserøysene hadde fått plass i den gamle lovteksten. Grenser er alvorlege saker, det ser vi no om dagen, då grensene blir bygde opp for å stengje for dagens folkevandring. Om ein før i tida flytte grenseskilja mellom gardane, deildene, kom det til å gå ein svært ille i det neste livet, som Draumkvædet kan fortelje. Dette visste dei gamle.

Christian Vs lov hadde omsorg for grenserøysene, skiljet mot den svenske fienden. Dette sa lova:

Enhver der nedriver en saadan Røs, eller er medvirkende til en saadan Røs’ Nedrivelse, skal paa Gærningsstedet ophænges, Ligesindede til Afskye og Skræk.

Sjefane siterte paragrafen for oss.

Vi reiv ned røyser. Men vi bygde dei opp att. Ingen av oss vart hengde.

Men Christian V hadde vi med oss, som eit arkeologisk funn. Som onkel Ole hadde det.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis