Carlsens logikk

Etter fire rundar leier Vishy Anand Sinquefield Cup, saman med Fabiano Caruana.
Etter fire rundar leier Vishy Anand Sinquefield Cup, saman med Fabiano Caruana.
Publisert

Etter å ha vunne alt som var, tidlegare i år, skjedde det noko med Magnus Carlsen no i sumar. Kva som skjedde, veit vel ingen heilt sikkert, men han byrja tvila på seg sjølv. For ein spelar som er kjend for den beste intuisjonen i sjakkhistoria, er tvil det verste ein kan ha. Trekka må koma kontant; handa må gjera jobben nesten utan at hovudet er kopla inn.

Gjennom 18 parti lynsjakk i Saint Louis samla verdseinaren ni poeng, 50 prosent score mot verdseliten. Det var ikkje eit katastrofalt resultat med tanke på nivået på motstandarane, men det var under standarden til Carlsen. Med kort tid gjorde han mange store tabbar, like mange som motstandarane. Etter turneringa kunne han kalla seg verdstoar i lynsjakk, då Hikaru Nakamura, utan å spela, tok over fyrsteplassen i ratinghierarkiet.

Carlsen var frustrert etter lynsjakken. Han skjøna ikkje kvifor han miste hovudet gong på gong. Tre dagar seinare byrja den klassiske turneringa Sinquefield Cup same stad. Etter fire dagar stod Carlsen med fire remisar, nok ein gong 50 prosent score mot verdseliten. Men no smilte Carlsen: Han hadde funne harmoni og ro i spelet, «bukkane» frå lynsjakken var historie. Eg skjønar ikkje heilt logikken: 50 prosent er 50 prosent. Men Carlsen har kan henda ein plan: Han må fyrst roa ned før han kan finna attende til den unike intuisjonen utan at tvilen skal øydeleggja for kreativiteten. Det er ein fin balanse, men Carlsen veit godt at om ein spelar altfor harmonisk, vert partia remis på høgste nivå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement