Carlsen pratar ned klassisk sjakk
Magnus Carlsen vil ikkje forsvara VM-tittelen i klassisk sjakk.
Magnus Carlsen er alltid ærleg, og no hissar han på seg tradisjonalistane. Kva skjer eigenleg i sjakkverda?
Sjakk på internett med Chess.com har vakse seg mykje større enn verdssjakkforbundet Fide, som tilbyr sjakk med treklossar. Chess.com har no kjøpt opp dei kommersielle konkurrentane, til dømes PlayMagnus, og gjort Carlsen til ein ny frontfigur for merkevara si.
Milliardkonsernet har gått frå 30 millionar brukarar i 2019 til 50 millionar i 2020 (sjakkfeber under pandemien), til 75 millionar i 2021 (Queen’s Gambit på Netflix og meir pandemi) og no 100 millionar i 2022. Den store auken i fjor kjem av at dei unge gamerane (dataspel) har fått augo opp for sjakk som e-sport.
Sjølv nyttar eg sjeldan tenestene til Chess.com. Eg er på gratisplattforma Lichess, der millionar av sjakknerdar – dei ekte sjakkspelarane – møtest. Men spørsmålet er kva som skjer med trebrikkene våre. Aldri har det vore spela så mykje sjakk i verda, aldri har nivået vore lægre (demokratisering av sjakken) – og aldri har det vore spela så få klassiske toppturneringar.
Eliteturneringa i nederlandske Wijk aan Zee i januar vart i alle høve ein fest for tradisjonalistane. Eitt parti kunne halda fram i seks timar. Anish Giri frå arrangørlandet vann føre Carlsen og 18-åringen Nodirbek Abdusattorov frå Usbekistan. Carlsen tapte mot dei to andre på sigerspallen, men spela særs kreativt dag etter dag i to veker. Eit par millionar publikummarar av den gamle skulen var godt nøgde.
Men Carlsen sa etterpå at han ikkje orkar dette meir. Klassisk langsjakk er eit slit, og publikum ser ikkje alt arbeidet bak scena, alle timane med datamaskina for å finna ei opning som kan fungera i eitt parti, før ein må finna ei ny opning til neste parti. Millionar av trekk må analyserast før Carlsen kan setja seg ved brettet, om partiet ikkje skal enda direkte i remis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.