Beste parti
på år og dag
Frå nykelpartiet mellom Caruana og Vachier-Lagrave. Den 14. og siste runden i kandidatturneringa vert spela tysdag 27. april.
Foto: Lennart Ootes / FIDE
Det var partiet som hadde alt: sport, kunst, vitskap. Det var partiet som minte oss på kvifor vi framleis spelar dette 1500 år gamle indiske brettspelet. Det var partiet vi har venta på i nesten 400 dagar og netter.
Åtte spelarar kjempar om å verta den neste utfordraren til Magnus Carlsen. Halvveges etter sju rundar, den 25. mars i fjor, gjekk det ikkje lenger å halda fram. Presset på verdsjakkforbundet FIDE og arrangørane i Jekaterinburg vart for stort i ei kaotisk tid med ein ukjend pandemi. Måndag denne veka, altså 19. april 2021, var spelarane endeleg attende for å fullføra turneringa. Alle skal møta kvarandre éin gong til.
I over eitt år var Maxime Vachier-Lagrave (30) og Jan Nepomnjasjtsjij (30) i leiinga eit heilt poeng føre favoritten Fabiano Caruana (28), VM-utfordraren frå 2018. I 8. runde skulle amerikanaren ha kvit mot franskmannen.
Aldri har nokon førebudd seg så lenge til eitt parti. Alle i sjakkverda veit at Vachier-Lagrave spelar den skarpe Najdorf-varianten i siciliansk med svart. Alle i sjakkverda veit at Caruana er best i verda til å finna nye idear i opninga. I over eitt år har Caruana nytta kunstig intelligens (AI) for å gå til åtak på Najdorf-varianten. Eg minner om at dei gamle dataprogramma reknar 200 millionar trekk i sekundet. Kor langt trur du kunstig intelligens kjem på eitt år?
Magnus Carlsen sat i studio til Chess24 og kommenterte direkte. Etter 16 trekk hadde Caruana ofra tre bønder utan å tenkja. Etter 19 trekk ofra Caruana ein laupar utan å tenkja. Det var eit fyrverkeri på brettet – vitskap og kunst i eitt. Etter 26 trekk hadde Caruana framleis ikkje byrja tenkja, alt var programmert som sjakktrekk i tusental i hjernen til amerikanaren.
Men Vachier-Lagrave verja seg godt og ofra materiellet attende. Så kom den langsame, tekniske sluttspelfasen med eitt tårn og éin bonde for Caruana mot éin springar og éin bonde for Vachier-Lagrave. Den eine timen gjekk etter den andre. Carlsen freista skjøna detaljane i stillinga og elska kvart sekund. Etter nesten sju timar var det slutt. Caruana vann det viktigaste partiet på år og dag.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?