Beinbrekkaren

Denne vakre planta, Narthecium ossifragum, er kvart år årsak til smertefull sjukdom og daude hos mange lam i Noreg.
Denne vakre planta, Narthecium ossifragum, er kvart år årsak til smertefull sjukdom og daude hos mange lam i Noreg.
Publisert

I gammal tid var det vanleg å tru at dei underjordiske kunne kaste sjukdom på folk og husdyr. I mange fjøs kunne det vere ein spesiell bås som ikkje kunne nyttast fordi han var huldrefolket sin. På slike «hørd-båsar» ville kyrne på garden stå i fare for å døy av brå og uforklarleg sjukdom, og båsane fekk dermed stå tomme.

Ute på sommarbeitet var dyra heller ikkje trygge, til dømes kunne lamma som gjekk på utmarksbeite, somme gonger få kasta på seg stygge brannsår på hovudet – i Noreg fekk denne lidinga naturleg nok namnet alveld. Men skulda for denne smertefulle sjukdomen finn vi hos romegraset, ei sped myrplante med vakre gule blomar.

Alveld

Hos lam med alveld vil huda på hovudet og kring auga hovne opp, og det utviklar seg raskt opne, væskande sår. Såra svir og klør, og lamma vert rastlause og lysskye, det går gjerne verk i såra, og dyra kan i alvorlege tilfelle døy av svolt, uttørking eller infeksjonar. Svekte og forvirra lam kan òg rote seg ut i farleg terreng og setje seg fast i ei steinur eller ramle utfor i bratt lende. På det viset har dyr med alveld ofte vorte funne att på beitet med knekte bein eller andre skadar.

Det er nok difor romeplanten tidleg fekk tilnamnet «beinbrekkaren». Og på latin blir det alltid litt finare; romegraset har fått namnet Narthecium ossifragum, der «os» tyder bein og «fragum» å brekke eller bryte. Namnet vart først brukt i 1667, i eit brev til botanikaren Simon Paulli i København der romen vart omtala som norsk beinbrekkande gras (gramen norvegicum ossifragum), noko Carl von Linné plukka opp då han sette seg føre å gje alle dyr og plantar latinske namn seinare på 1700-talet. Plantenamnet rome kjem forresten frå norrønt og tyder veik eller skrøpeleg, og det kan tyde på at folk lenge har sett at beiting av romeplanten kan henge saman med sjukdom.

Solbrende

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement