Kjempe med trong fødsel
Demokrit levde i åra 460–370 f.Kr.
Målarstykke av Antoine Coypel
«I dette verket skal eg ta for meg alle ting», skriv den greske filosofen Demokrit (ca. 400 f.Kr.) i innleiinga til verket Liten kosmologi. Og han skreiv mykje, boklista hans er lang. Men alt er borte. Vi kjenner tankane hans først og fremst frå kritikarane hans, som Aristoteles og Platon.
Men på underleg vis, trass i den bortkomne boklista, kom Demokrit til å skrive om alle ting. Han lanserte atomet som ei forklaring på korleis verda var laga. Universet er eit stort tomrom, der det svirrar tallause atom, sa Demokrit. Det er ein påstand som framleis står seg. Demokrit skreiv om atomet, som er i alle ting. Han skreiv altså om alle ting, bokstaveleg tala.
Korleis kom han på dette, i ei tid utan eksperiment og avanserte instrument? Han brukte det han hadde. Han såg og tenkte. Eit trehjul blir slite ned. Ein klesvask tørkar. Kvifor det?
Jo, sa Demokrit, små partiklar blir rivne laus frå hjulet og klesvasken. Hjulet blir slite, og vasken blir tørr.
Dette såg han. Så vart han filosofisk. All materie kan delast opp. Kan han delast opp i det uendelege? Nei, sa Demokrit, til slutt vil du sitje att med eit lite punkt som er udeleleg, det udelelege, atomet.
Og atomet var tenkt.
Men det fekk eit stillferdig liv. Eksistensen var ikkje sikker. Fanst atomet?
Rettnok oppførte kjemikarane seg som om atomet fanst. Formlar kopla atom saman til molekylar som laga alt rundt oss. Vatn er to hydrogenatom som er kopla til eit oksygenatom, H2O.
Mange godtok ikkje dette som prov på atomet. Ernst Mach, ein av dei store i fysikkens historie, slo i 1897 fast at han ikkje trudde atom fanst. Men no skulle snart Demokrits atom få påvist eksistens og kome ut av mørkeret det hadde levd i i over to tusen år.
Provet var enkelt og underleg. Og det kom saman med mykje anna frå ein mann på 25 år, Albert Einstein.
Om vi studerer eit lite støvfnugg eller eit pollenkorn som flyt i lufta, vil vi sjå at det vibrerer, det flytter seg litt i hytt og vêr, i sikksakk, som om det blir sparka omkring.
Og det er akkurat det som skjer. Støvkornet dyttar borti luftmolekyla, av og til flest på den eine sida, av og til flest på den andre. Støvkornet er som ein fotball som blir sparka omkring på ein leikeplass av ein gutegjeng, skriv vitskapsfilosofen Carlo Rovelli. Og partikkelen får dette kaotiske, underlege rørslemønstret, det brownske mønsteret, oppkalla etter biologen Robert Brown, som arbeidde med partiklar i væske på 1800-talet.
Og ved observasjonar og matematikk, hans vanlege reiskapar, rekna Einstein seg fram til kor store molekyla er. Og atomfysikken kunne starte. Kreftene i materien kunne utløysast. Einsteins formel gav nøkkelen, E=mc2. Energi og materie er det same.
Einsteins frigjering av Demokrits atom endra historia. Etter Hiroshima veit vi kva krefter det er snakk om. Verda prøver, organisert, å skape ei form for kontroll og system for desse kreftene. Alle er ikkje med på dette. Nye atommakter melder seg, utan applaus frå verdssamfunnet. Verda er blitt farlegare.
Demokrits skuldlause tankar om hjulslit og klestørk har no brote seg ut av hjulsmia og vaskerommet der dei vart fødde. Fødselen vart knapt lagt merke til, i samtida meinte mange at dette var pretensiøst tøv.
Det tok lang tid før det nyfødde barnet voks til og kom til krefter.
Men det kom då det kom.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.