Amerikamat

Mykje vert mindre skummelt etter ein tur innom USA.

Nathan Handwerker var fyrst ute med hot dog – på Coney Island i New York.
Nathan Handwerker var fyrst ute med hot dog – på Coney Island i New York.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Eg skulle vel på mange måtar ynskje eg hadde tenkt på å skrive denne spalta for eit par veker sidan – før såpass mange av oss vart såpass dritlei av valet i USA, altså. Før direktesendingar i dagevis i strekk. Vi er litt glade dei er over no, er vi ikkje? Likevel følger vi framleis med – vi klarar ikkje sleppe Amerika.

Er det så rart eigentleg? Skulle det ikkje nesten berre mangle? Vi kan like det eller ikkje, men er ikkje USA på veldig mange måtar ein forlengd arm av oss sjølve, til dømes, som det er naturleg for denne spalta å ta føre seg, i kva vi et?

Lat oss la tankane spinne ei stund kring mat frå USA. Fyrst av alt tenkjer vi sikkert på hamburgarar, så på tjukke pannekaker til frukost, på Coca-Cola eller milkshake, mac and cheese, donuts, spareribs, ketchup, BLT-sandwich, kalkun på nyttårsaftan ... Vi kunne halde på ei stund eller rett og slett runde av med ein hot dog, for ja, det var ein polakk som opna den aller fyrste pølsevogna attende i 1916, men han gjorde det på Coney Island i New York.

Ein amerikansk sving

Slik har mengder av mat frå resten av verda fått seg ein amerikansk sving – tenk berre på chicagopizza, som fort kan få æra for å ha gjort pizza til eit fullverdig måltid: Her gjekk deigen frå å vere syltynn og mager til feit og tjukk, og bakt i ei djup form med mykje saus og ost og kjøt og herlegdommar. Eller kva med california roll? Det er lite amerikansk over sushi, eigentleg, men likevel er det denne omvende makirullen med krabbe (eller crab stick), avokado og agurk vi et mest av alle sushivariantar. For å ta det heile eit skritt lenger er det meste vi tenkjer på som meksikansk taco, eigentleg oppfunne i USA: Om du et burrito, enchilada eller rett og slett tacoskjel, er retten truleg enten oppfunnen eller endra til det uattkjennelege ein stad i dei sameinte statane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement