Ord om språk

Alt til sitt bruk

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Nynorskbrukarar flest er samde om at skriftmålet eignar seg til både kvardagsbruk og sundagsbruk. Det finst folk der ute som brukar storsleggja og seier at nynorsk er ubrukeleg. Men dei brukar ikkje å lesa denne avisa, so då treng me ikkje bruka meir tid på dei.

«Eit stort bruk har eit stort sluk», og tospannet bruk og bruka har eit stort bruksområde. Orda er velbruka, men ikkje utbruka: Dei vart tekne i bruk for lenge sidan, toler hard bruk og er slett ikkje i ferd med å gå av bruk. Den illgjetne bruk-og-kast-mentaliteten har inga makt her.

Ihuga ordbokbrukarar kjem radt med innvendingar no. Den etymologiske ordboka Våre arveord (2019) seier at bruka er eit gamalt ord som truleg har vore i bruk i dei nordiske måla, so har det falle bort (gått av bruk?) og vorte lånt inn att frå lågtysk. Det me veit, er at vårt bruka heng i hop med engelsk brook (‘finna seg i, tola’), tysk brauchen (‘trenga’) og gebrauchen (‘nytta’) og latin frui (‘ha gagn av, nyta’, jf. frukt og frugal eig. ‘nyttig, dugande’).

Bruk er inkjekjønn når me brukar det i tydingane ‘verksemd, drift’ (t.d. jordbruk), ‘sjølvstendig driven gard’ (småbruk, bruksnummer), ‘industriverksemd’ (sagbruk) og ‘reiskap til fiske eller fangst’ (garnbruk). Det er i grunnen same ordet som bruk i tydingane ‘det å bruka’ (kjeftbruk), ‘det å bruka opp, konsum’ («bruk av råstoff») og ‘sedvane’ («skikk og bruk»).

I landsmål er bruk inkjekjønn støtt. I bokmål og nynorsk kan me velja om sistnemnde bruk skal vera hankjønn eller inkjekjønn. Me kan fint skriva ordbruket i staden for ordbruken, endå mange språkbrukarar kjem til å stussa over det. Derimot er det ingen som stussar over at bruk er inkjekjønn i forbruket, misbruket, «til eige bruk» og «alt til sitt bruk».

I over hundre år har folk diskutert om valfridom i rettskrivinga er brukarvenleg. Deltakarar på båe sider har «bruka seg» (‘skjelt og smelt’, eig. ‘nytta alle kreftene sine’). Kan me ikkje òg skriva «brukt seg»? Jau: Me kan velja om bruka skal vera a-verb, e-verb eller ha blanda bøying (brukar brukte brukt). I samansetjingar er det brukt- som gjeld: bruktbil, brukthandel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement