Fugleperspektiv
Å vere fugl på nyttårsaftan
Kvitkinngås (t.h.) er ein av fleire gåseartar med arktisk hekkeutbreiing og kontinentalt overvintringsområde som har levert innsikter i korleis fyrverkeri påverkar fuglar.
Foto: Sveinung Lindaas
Så var det nyttårsaftan att, himmelen vart full av fargar og lufta full av smell, menneskeandlet glødde opp. Fyrverkeri, denne eldgamle oppfinninga som har opphav i Kina, sluttar aldri å gjere inntrykk og er ein del av store feiringar verda rundt.
Men i vår tid vert fyrverkeri ikkje berre sett på som eit uttrykk for jubel og feiring. Ord som bombesmell og krig vert også brukte for å beskrive stemninga det smellande og lynande spetakkelet skapar for menneske som har opplevd det, og for dyr.
Medan eg ser flyktige lydblomar i ulike fargar opne seg og svinne i horisonten over Oslo, kan eg ikkje la vere å tenkje på alle desse vesena som oppheld seg i den mørke, kalde natta, og ikkje vert høyrde, sjølv om dei har sitt å seie.
Tanken vert halden i live av eit bilete som byrjar å sirkulere i det norske ornitologiske ekkokammeret mitt på sosiale medium: små daude fuglekropp samla på eit bord, med opplysing om at det vart meldt om over tusen daude bjørkefinkar ved byen Koprivshtitsa i Bulgaria i dagane etter nyttår.
Det var rett nok i overgangen 2024–2025, syner det seg. Ifølgje veterinærane som obduserte, døydde bjørkefinkane av stress, mest sannsynleg utløyst av fyrverkeri.
Om vinteren samlar desse nordlege finkane seg i store flokkar. Mange oppheld seg på kontinentet, der dei flyg omkring på leit etter mat og nattely. For eit år sidan var ein stor flokk på fleire tusen så uheldig å slå seg ned i utkanten av byen i slutten av desember.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.