17. mai
Torvslaget 17. mai 1829 i Kristiania.
Illustrasjon: Literat Reimers/Nasjonalbiblioteket
Den 17. mai 1814 avslutta riksforsamlinga på Eidsvoll arbeidet sitt. Den dagen valde dei konge. Det stod strid om valet. Mange meinte at eit kongeval var uklokt. Det kunne provosere stormaktene, som hadde lova Noreg bort til Sverige. Fleirtalet vedtok då at alle måtte røyste ved kongevalet. Ingen fekk lov å la vere. Dei som då var mot å velje Christian Fredrik til konge der og då, vart tvinga til å røyste for. Så vart kongevalet samrøystes, under tvang og protestar.
17. mai vart ståande som fridomsdagen, og det kom snart tankar om å feire dagen. Det var Carl Johan sterkt imot. Han ville heller at dei skulle feire 4. november, då unionsavtalen vart underskriven i Moss.
For å få slutt på 17.-maifeiringa sende han rikets fremste mann, Balthazar Bogislaus von Platen, til Kristiania som statthaldar i Noreg. Statthaldarposten var rikets fremste stilling, nest kongen. Von Platen hadde akkurat fullført bygginga av Gøta kanal, det største byggeprosjektet i svensk historie. Statthaldarposten var løn for godt arbeid.
Nordmennene var vanskelege. Det ligg føre ei stor brevveksling mellom Carl Johan og von Platen, der von Platen klagar på nordmennene og vil reise heim. Det nektar Carl Johan. 17. mai 1827 bryt Torgslaget ut i Kristiania. Von Platen bruker militæret mot folket, og Henrik Wergeland får eit sabelrapp over ryggen. Det vart slutten på von Platens tid i Noreg. Forholdet til nordmennene var øydelagt. Han måtte reise heim, der han kunne sjå at Gøta kanal, hans storverk, vart utkonkurrert av den nye jernbanen. Von Platen døydde som ein ulukkeleg mann. Torgslaget vart starten på den organiserte norske 17.-maifeiringa.
I historia har 17. mai hatt to mektige fiendar. Carl Johan var den eine. Han tapte. Før unionstida var ute, i 1899, sende departementet ut eit rundskriv der det vart tilrådd å halde eiga gudsteneste 17. mai. Året etter kom det eigne utforma bønner og eigne preiketekstar for dagen. Unionskongen, Oscar II, måtte tole at høgare makter var med og feira fridomsdagen. Nederlaget var endeleg.
Neste slaget om 17. mai stod i aprildagane 1940. Landet var okkupert, og Quisling hadde overtatt regjeringsmakta. Quisling og folka hans ville også overta 17. mai og gjere dagen til sin dag. I ei bok fortel Ernst Båsland om dette; dei hevda til og med at NS vart skipa 17. mai, trass i at historia seier at partiet vart grunnlagt 13. mai 1933. I ein tale slår Quisling fast: «Jeg så en dyp mening i at den bevegelse som skulle bære fram den ny tid i Norge, trådte offentlig og organisert fram nettopp på denne dag». Det var altså løgn.
17. mai 1940 var Noreg delt. Sør-Noreg var okkupert av tyskarane. Terboven og Quisling regjerte der. Nord-Noreg var framleis fritt. Og der vart 17. mai feira, også over radio. Radioapparata var enno ikkje samla inn, så heile landet kunne høyre programmet frå Tromsø nasjonaldagen. Og denne sendinga er blitt ståande som ein bauta i norsk radiohistorie. Nordahl Grieg fekk éin dag på seg til å skrive eit dikt til dagen. På fiskeskøyta «Alfhild» sat han og skreiv diktet «17. mai 1940». Det klang over landet og kom til å sirkulere under krigen. Det er kanskje det mest kjende diktet hans, og det har funne plass i dei fleste lesebøkene som er komne etter krigen.
Og kong Håkon tala frå det frie Tromsø, 17. mai 1940: «Vi ble stillet overfor valget mellom ettergivenhet og underkastelse, eller forsøk på å forsvare alt det som vi anser som verd å leve for. For bevarelsen av vår selvstendighet og vår selvrespekt som nasjon var det kun én vei å velge.»
Det gjekk som det gjorde: Også Nord-Noreg fall. Kongen måtte flykte, og okkupasjonen kom til å vare i godt og vel fem år.
Nasjonaldagen kom til å stå som ein av dei store vinnarane då det heile var over. I dei politiske stridane i mellomkrigstida var det også strid om 17. mai. Mange meinte at dagen var borgarskapets dag. Den store maidagen var då 1. mai.
Etter 1945 samla 17. mai alle, og dagen har gjort det sidan.
17. mai vart fødd i strid, og måtte finne seg i ein langvarig strid om eigedomsretten til dagen. Gjennom eit par hundreår er han blitt kasta rundt i politiske stormar.
Dagens idyll, med bjørkelauv, talar og korpsmusikk, er eit nokså ferskt innslag i historia.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?