JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

🎧 Reinskav

Di meir reinkjøt som kjem i butikken, di meir skavar vi av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein rein blant fleire. Kor mange har vi plass til – og kva vil vi betale for han?

4124
20191025
4124
20191025

Lytt til artikkelen:

Korleis går det eigentleg med reindrifta i Noreg? I årevis, ja, tiårevis, eigentleg, har diskusjonen gått i ei av våre nordlegaste næringar: Er det for mange rein på Finnmarksvidda? Er vidda overbeita, nedbeita eller øydelagd? Eller er ho heilt i orden? Korleis skal reinsamar overleve om eit økologisk berekraftig reintal ikkje er økonomisk berekraftig?

Reintalet er redusert, men er det nok? Lavdekket på Finnmarksvidda er betre enn på mange år, men er det godt nok? Dette er usemja som har alt: Her står forskarar mot forskarar, søringar mot nordingar, samar mot samar og byråkrati mot praktikarar. Kven som har rett, er ikkje godt å verte klok på – i det minste ikkje frå eit kontor milevis frå næraste rein.

Ikkje berre på viddene

Vel, det kan iallfall vere klokt å ha med seg at reindrift i Noreg er meir enn berre Finnmarksvidda: På ein nord-sør-akse endar samisk reindrift nord i Hedmark, men vi har tamreindrift så langt sør som til Filefjell.

Så kan vi gjere vel i å hugse at produktet, reinkjøtet, er eit knakande godt produkt: ordentleg utmarksbeita. Det vesle feittet som finst, er så sunt at det bør reknast som helsekost, og smaksrikt så vel som tradisjonsrikt. Og ikkje minst: Det er stadig lettare å få tak i – i daglegvarebutikken. Berre på min lokale Rema 1000 finn eg reinskav frå to ulike produsentar. Hjå Spar i nabokommunen finn eg tre til. (To av dei heiter finnbiff, men det er i praksis det same.) Og sidan ingen av merkevarene er dei same, har eg altså fem ulike variantar å velje mellom.

Er det eitt feitt kva eg kjøper? Langt ifrå. Vi skal byrje med å dele produkta i to kategoriar: Dei som set salt og vatn til reinskavet, og dei som ikkje gjer det.

Utvatna

I fyrstnemnde kategori finn vi, kanskje ikkje så overraskande, First Price hjå Spar. Kjøtinnhaldet i posen deira er 90 prosent, resten er salt og vatn. Det same er det i den eine posen hjå Rema, frå produsenten Min Boazu. Boazu tyder rein på samisk, og min tyder ikkje min, men vår – «vår (fellesskapets) rein», altså. Og reinskav i pose med 10 prosent salt og vatn, er det noko problem?

Ja, for sjølv om reinskav gjerne endar i ei gryte til slutt, er det kjøt som skal steikast fyrst. Då vil ein ikkje ha steikepanna full av vatn som flyt kring og gjer kjøtet kokt i staden for steikt, gjerne det same som seigt i staden for mørt.

For reinskav er ikkje som kjøtdeig: Det er ikkje den delen av slaktet som ikkje kan brukast til noko anna. Ikkje tradisjonelt, iallfall. I kokeboka Taste of Sápmi, ei av særs få kokebøker skriven av samiske kokkar, slår dei fast at reinskav «er blant dei finaste stykkingsdelane av rein du kan ete». Men: «dersom du kjøper kjøtet ferdig skore, pass på at du vel kjøt av høg kvalitet».

Har eg eigentleg dette valet? Korleis veit eg at det er kjøt av god kvalitet eg vel? Vel, at produsenten vel å sette til vatn og salt, er knappast eit kvalitetsteikn.

I det minste ikkje når eg like godt kan velje eit produkt utan tilsett vatn og salt: Li-Vilt heiter produsenten, og bakom ligg Lierne Viltforedling i Trøndelag. Her treng ikkje dyra ein gong kome til slakteriet for å verte slakta: Verksemda nytter mobile slaktebilar, dei køyrer ut på samlingsplassane for reinen og slaktar han der.

Både det utvatna reinskavet til First Price og Min Boazu kostar 237,50 kroner per kilo. Sjølv om vi reknar vekk vatn og salt, er det altså noko billegare enn kjøtet frå Li-Vilt, som kostar 347,50 kroner per kilo. Hadde dette vore VGs Matbørs, er det altså ikkje tvil om kven som ville vunne.
Men no er vi ikkje VG. Difor kan vi ta oss råd til å spørje: Kva for eit reinkjøt vil vi helst ha i butikken dei gongane vi vil ha det: utvatna og billig eller skikkeleg og godt?

Ein skilnad i kilopris på hundre kroner er om lag ein tjuekroning i skilnad for ein middag. Eg trur tungt plaga reindriftsutøvarar står i større fare for å gå konkurs enn eg.

Kjøper eg reinskav frå First Price eller Min Boazu? Nei takk, eg held meg til rein fri frå saltvatn frå Li-Vilt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis veit eg at

det er kjøt av god

kvalitet eg vel?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis