🎧 Kven var barnet i Betlehem?
Jesus, Maria og Josef i stallen, tolka av den spanske kunstmålaren Bartolomé Estefan Murillo.
Lytt til artikkelen:
Jag heter Josef och är timmermann.
Men gossen som hon gav mig, vem är han?
Det er Josef som sit i stallen i Betlehem og funderer over det som har hendt, i Hjalmar Gullbergs songsyklus Den heliga natten.
Spørsmålet er enkelt, men kyrkjehistoria viser at svara, som vart mange, ikkje var enkle.
I prologen til evangeliet sitt omtalar Johannes Jesus som Ordet, som var hos Gud, og som var Gud. Og ordet vart kjøt og feste bu hos oss, seier evangelisten.
Dermed var læra om inkarnasjonen formulert med same ordrota som i chili con carne og karneval. Gud var blitt eit menneske av kjøt og blod. Barnet i stallen i Betlehem var ein gudson, fødd av ei kvinne.
Korleis skulle dette forståast? Gudar og menneske tilhøyrde heilt ulike univers med ulike tankelover og -mønster. Og korleis var no tilhøvet mellom gudane i himmelen når det no vart fleire der?
Det vart tenkt, og det vart strid. Ei eiga grein av teologien vart skapt, kristologien, læra om kven Kristus var.
Midt på 100-talet skipa Markion frå Vesle-Asia ei sekt som skilde Skaparguden, den tradisjonelle Gud, frå Frelsarguden, Kristus. Frelsarguden skulle frelse oss frå både djevelen og Skaparguden. Faderen og Sonen var splitta. Og Markion vart kasta ut av kyrkja.
Presten Arius i Aleksandria meinte at Gud var størst og først, og at Sonen var skapt av Faderen og underordna han. Av dette vart det stor strid som enda med at også Arius vart kasta ut av kyrkja. Kyrkjemøtet i Nikea fordømde han og læra hans.
Men det var ikkje slutt med det. Fleire germanske stammar gjorde denne trua til si. Gotane var arianarar.
Nestorius vart patriark i Konstantinopel i 428. Han la mest vekt på den menneskelege sida av Kristus. Mange meinte at det var å nedvurdere Guds rolle i frelsesverket. Læra hans vart forkasta på kyrkjemøtet i Efesos i 431.
Men det var ikkje slutt med det heller. Nestorianarane vart forfølgde av keisaren og drog mot aust. Der førte dei sin kristendom inn i mange asiatiske land, som Persia, Ceylon og India. Tyrkiske og mongolske stammar vart nestorianske kristne. I 635 kom dei til Kina, der keisaren gav dei rett til fri forkynning. Dei fekk til og med skipe eit kloster.
Vedtaket i Efesos skapte strid og motstand. I Egypt oppstod læra om at Kristus ikkje var to naturar, gud og menneske, men derimot berre éin, den såkalla monofysittismen, læra om Kristi eine natur. Eit nytt kyrkjemøte i 451 forkasta denne læra, noko som utløyste raseri i Egypt. Den romerske garnisonen i Aleksandria vart massakrert, liksom den nyutnemnde patriarken.
Det har gjennom historia vore mange tankar og mykje strid, også blodspille, om identiteten til dette barnet i stallen som vi no skal feire igjen. Kven var han? Gud eller menneske, eller begge delar? For vår sekulære tid er det underleg å sjå kor viktige desse spørsmåla ein gong var.
Eit anna, meir stillferdig opprør har gått sin gang i kyrkja etter den første julekvelden i Betlehem. Hos Lukas er scenen svært stussleg, før englane og vismennene frå aust dukkar opp. Ei fattig, ugift kvinne føder i ein stall. Så mykje enklare kan det ikkje bli.
Denne fattigslege ramma har ikkje ettertida akseptert. Når Gud kjem til jorda, må det vere meir fasong og stil. I kyrkjekunsten er Maria i Betlehem stort sett blitt til ei staseleg dronning, medan barnet har fått strålekrans rundt panna.
Så er det ikkje berre teologane som har hatt problem med å plassere dette barnet i Betlehem inn i tankane sine.
Også kunstnarane har streva med den enkle forteljinga til Lukas. Så stussleg som Lukas laga ramma, kunne det ikkje godt vere. Fantasien måtte hjelpe til.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.