Teater

Venskap, kjærleik og kamp

Edderkoppkvinnens kyss på Teatret Vårt er ei sterk og raffinert nyoppsetjing av ein klassikar.

sfgsfbdsf
sfgsfbdsf
Publisert

Det er både ei plikt og eit kall for teateret å spele stykke som kommenterer samtida vår. Dei mest omtala urohendingane i verda i dag er ikkje dei same som på 1970- og 80-talet, men romanen Edderkoppkvinnens kyss, som raskt vart både film og teaterstykke, med diktaturregimet i Argentina som bakteppe, appellerer like sterkt i dag. Valden og uroa i verda flytter på seg, men endrar seg ikkje mykje.

I fengsel

Det dreier seg om to menn som deler fengselscelle. Den første, Valentin, er geriljasoldat og arrestert på grunn av det. Den andre, Molina, er tilsynelatande fengsla av di han har synt ein provoserande livsstil, som feminisert homofil. Så ulike dei er, har dei likevel funne eit slags vis å fungere saman på i det klaustrofobiske tomrommet. Den første fortel om den politiske kampen han vonar å få fortsetje på, den andre underheld den første med å referere handlinga i romantiske filmar han har sett. Slik held dei kvarandre oppe, om enn ikkje utan stormar og krangling.

Når vi etter kvart skjøner at Molina faktisk er fingert innsett for å spionere på Valentin og pumpe informasjon frå han, får historia ei skarpare vinkling. Men vennskapet vinn over spionasjeoppdraget, og Molina forråder ikkje vennen sin. Når dei til slutt må skiljast, har vennskapet deira òg vorte til eit vart og valent kjærleiksforhold. Men, som vi får vite, møtest dei aldri att.

Intens puls

Framsyninga, på den vesle blackbox-scena Storyville i kulturhuset Plassen i Molde, er konsentrert til eit ørlite kvadratisk sceneområde avgrensa av stålrammer. Teatersjef Thomas Bjørnager har stått for både uttrykket og det visuelle. Framsyninga har ein stram og intens puls og forbløffande effektfulle «mellomspel»: nokre scener frå fengselsdirektørens kontor, filma i svart kvitt og projisert på scenegolvet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement