Litteratur

Teater til lesaren

Dordi Strøm er kunstnar og scenograf. Når ho no skriv romanar, veg det visuelle tyngre enn prat.

Dordi Strøm saman med hunden Kazan.
Dordi Strøm saman med hunden Kazan.
Publisert Sist oppdatert

Dordi Strøm er utdanna biletkunstnar, scenograf og kostymedesignar og har vore sentral i ei rekke teaterframsyningar, seinast i Abdul = Hkeem på Det Norske Teatret og Betenkningstid, som hadde premiere på Grusomhetens Teater. Dei siste åra har ho òg hatt verkstad i kostymedesign med tusenvis av elevar i Den kulturelle skulesekken. Nyleg fekk ho statens tiårige stipend for etablerte kunstnarar.

Samtidig har ho gitt ut si andre bok: Odel. Og ein kan sjå at forfattaren er scenograf – ei som finn glede i å dvele ved detaljar som i motsetning til fysiske rekvisittar, som hamnar på skraphaugen etter siste framsyning, blir ståande i boka så lenge ho finst.

– Korleis er det å sitte aleine over tastaturet når du er vand med å jobbe i eit hektisk miljø der folk kjem og går, og du må samarbeide med alle?

– Det er godt. Teateret har eit tempo som det kan vere krevjande å stå i, og eg nyt å vere fri frå rammevilkåra der, ikkje minst budsjetta. Når eg skriv, kan eg komponere bilde og scener i fred og ro og assosiere som eg vil. Hierarkiet i teateret er oppløyst. Eg kan gjere alt sjølv.

Naturhushaldet

Familien i Odel bur på ein gard utanfor allfarveg: Inga og Olov, barnebarnet Liv og sonen Ommund. Dottera Odel, som er mor til Liv, lever eit slags dobbeltliv som student i storbyen mot at ho «kjem heim kvar vår, vårvinter til lamminga, kalvinga, slåtten, hogsten, jakta. Slakting, sanking. Kvar haustsommar, haust, haustvinter når ho reiser igjen, får ho med seg varme klede, bær, sopp, saft, spekemat, innmat, tunge, lever, blodmat, aure, flatbrød, hjarte».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement