JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Soga til ein song

176 år etter at «Abide With Me» vart skriven, kjem her ei ny attdikting av Wembley-salmen, sidan 1915 best kjend på norsk som «Aa bliv hos mig».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Abide With Me» vert kvart år framført på Wembley før FA-cupfinalen. Under nedstenginga i 2020 vart salmen sungen av Emeli Sandé frå taket.

Foto: Catherine Ivill / AP / NTB

8093
20231222
8093
20231222

Musikk og lyrikk

havard@dagogtid.no

Salmeteksten «Abide With Me» er skriven av den skotske diktarpresten Henry Francis Lyte. Han var fødd i 1793 på landsbygda søraust i Skottland, der han levde dei fyrste åra.

Då foreldra skilde lag, vart han send til ein skule i Irland. Der tok rektoren den gåverike guten til seg som ein del av familien. Andre diktarar som har vore elevar ved Portora Royal School, er Oscar Wilde og Samuel Beckett.

Som dei heldt Lyte fram som student ved Trinity College i Dublin, der han utdanna seg til prest i den engelske kyrkja. Han gifta seg til ein viss velstand, og fembarnsfaren tente som jordnær og jovial landsbyprest sørvest i England, der han stod på god fot med lokale fiskarar og born.

Politisk var han konservativ. Som slaverimotstandar tok han aktivt del i arbeidet med å avskaffa slavehaldet i Storbritannia.

På fritida dreiv han med arkeologiske utgravingar, botanikk og fløytespel. Ei hovudinteresse var språk og litteratur. Han meistra latin, gresk og fransk, og bygde seg ei av dei største private boksamlingane i lands­delen, i hovudsak poesi og teologi.

William Henry Monk

Frå 1826 gav Lyte ut fleire samlingar med eigne dikt og salmar. Etterlatne verk vart samla i boka Remains (1850). Mest kjend er han for salmen «Abide With Me», som han skal ha skrive både tekst og tone til kort tid før han døydde av tuberkulose i 1847, 54 år gamal.

Fjorten år etter kom teksten med i den fyrste utgåva av det som sidan, i reviderte utgåver, har vore salmeboka i den engelske kyrkja, Hymns Ancient and Modern (1861).

Salmebokredaktøren var William Henry Monk, ein engelsk Landstad. Monk var organist og komponist òg, og skreiv sin eigen tone til Lyte-teksten, «Eventide», som sidan har vore melodien salmen er sungen til. Tittelen henta han frå opningslina: Abide with me, fast falls the eventide.

Wembley-songen

I nær hundre år, sidan 1927, har salmen vore framført på Wembley stadion i London før avspark i finalekampen i verdas eldste fotballturnering, den engelske FA-cupen. To år seinare tok ein opp same skikken i finalen i rugbyturneringa Challenge Cup, same året som finalekampen for fyrste gong vart lagd til Wembley stadion.

Under opningsseremonien for dei olympiske sumarleikane i London i 2012 vart songen framført av den skotsk-zambiske artisten Emeli Sandé. Ho song han òg før FA-cupfinalen i 2020. På grunn av pandemien vart den utsette kampen spela for tomme tribunar, og fjernsynssjåarane såg og høyrde Sandé syngja salmen frå taket på Wembley stadion.

Salmen har vore nytta ved bryllaup og gravferd i den engelske kongefamilien. Han vart sungen i gravferda til forfattaren og nobelprisvinnaren Rudyard Kipling i 1936 og til nonna og nobelprisvinnaren Mor Teresa i 1997. For ti år sidan vart songen spela under den fransk-amerikanske 70-årsmarkeringa av invasjonen av Normandie i juni 1944.

Vegen til Emmaus

Som utgangspunkt for teksten henta Lyte ord og vendingar frå forteljinga om Emmaus-vandrarane heilt sist i Evangeliet etter Lukas: «Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem, og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt.»

Seksti stadier svarar til ei mil. Med «alt det som hadde hendt», sikta Lukas til at meisteren til dei sorgtunge læresveinane eit par dagar før hadde vore krossfesta og gravlagd i Jerusalem. Emmaus-vandringa er nytta som motiv i ei rekkje norske salmar, og i dikt av mellom andre Gunvor Hofmo, Kaj Skagen og Arnold Eidslott.

Lukas skriv vidare: «Medan dei no tala saman og drøfta dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att.» Dei tre vart så gåande og prata på vegen, før det vart tid for å skilja lag med den framande: «Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger.»

Førelegg

Det direkte førelegget til opningslina i salmen finn ein i det neste Lukas-verset: «Men dei nøydde han og sa: ’Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.’ Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei.»

Vendinga «Ver hjå oss! Det lid mot kveld» heiter i den engelske bibelomsetjinga: «Abide with us: for it is toward evening.» Som opningsline skreiv Lyte: «Abide with me, fast falls the eventide

Engelske abide, eller som det helst vert skrive i dag, bide, og norske bia, kjem av norrøne bida, venta.

Sitat i sitat

Nok ein referanse til Det nye testamentet nyttar Lyte i den nest siste lina i den nest siste strofa. «Where is death’s sting? Where, grave, thy victory?» henta Lyte frå Paulus’ fyrste brev til korintarane (15,55): «O death, where is thy sting? O grave, where is thy victory?» I norsk bibelomsetjing heiter det: «Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?»

Sitatet er sjølv eit sitat. Orda Lyte henta frå den kristne bibelen, hadde Paulus henta frå den hebraiske bibelen. For somme av lesarane til Paulus var det kjende referansar til «Han skal gjera dauden til inkjes for all æva» (Jesaja) og «Kvar er di sott, du daude? Kvar er din pest, du helheim?» (Hosea).

Siteringane spenner såleis over eit tidsrom på meir enn 2500 år, med vekslande religiøse førestillingar. Ein moderne lesar kan merka seg at substansen i sitata ikkje er ein lovnad om æveleg lukke, men fråvær av pine.

Tolkingar

«Abide With Me» er omsett til ei lang rekkje språk, mellom andre tysk, fransk, spansk, italiensk, russisk, portugisisk, svensk, dansk og færøysk.

Ei norsk omsetjing av «Abide With Me» vart gjord av presten Gustav Jensen (1845–1922) i samband med at han redigerte Forslag til en revideret salmebok for den norske kirke (Kristiania, 1915), ein Landstad-revisjon. Jensens «Aa bliv hos mig! Nu er det aftentid» inneheld fem av dei åtte strofene i originalteksten.

Ei innspeling av Olav Werner og Aase Nordmo Løvberg var i 1972 ein av dei mest spela songane i radioprogrammet Ønskekonserten i NRK. Mykje kjend er ei innspeling av Ole Paus som kom i 1991, på albumet Salmer på veien hjem, som han gav ut i lag med Mari Boine og Kari Bremnes. I februar i år vekte songaren Camilla Amundsen stor merksemd over heile landet då ho tolka salmen til Henry Francis Lyte i fjernsynsprogrammet The Voice på TV 2.

Henry Francis Lyte

Ver her hjå meg

Ver her hjå meg, for no er natta nær.

Mørkeret metnar. Herre, hjå meg ver.

Når ingen annan hjelpar syner seg,

du, hjelp for hjelpelause, ver hjå meg.

Livsdagen løyar. Livsdagen er stutt.

Jorda har gleder. Gledene tek slutt.

Alt eg kan sansa, er foranderleg.

Du, uforanderlege, ver hjå meg.

Eg bed om meir enn prat og snøgg visitt.

Ver slik du var hjå dei i livet ditt.

Vernande, ledig, varm, usliteleg.

Stikk ikkje berre innom. Ver hjå meg.

Kom utan velde, utan torerøyst.

Ver mild og god, med vengjer som gjev trøyst,

hjarte og sjel for alt som græt og gneg.

Kom, ven av syndarar, og ver hjå meg.

Smilet ditt fall på meg då eg var barn.

Sjølv om eg gjorde opprør, hard som jarn,

svikta du aldri, slik eg svikta deg.

Heilt til det siste, Herre, ver hjå meg.

Nærleiken din, han signar dagen min.

Vernet mot vondt er berre nåden din.

Kvar kan eg kvila anna enn hjå deg?

I regn og solskin, Herre, ver hjå meg.

Fiendefrykta kverv når du sit hjå.

Børa mi letnar. Det gjer gråten òg.

Dauden og grava mistar brodd og preg.

Eg kjenner jubel når du er hjå meg.

Hald du din kross mot augo eg lèt att.

Lys på min sti, og skin i skuggenatt.

Himmelgry kjem og skuggejorda dreg.

I liv og daude, Herre, ver hjå meg.

Etter «Abide With Me» (1847)
Attdikta av Håvard Rem

Ei opplysing i ingressen vart endra tysdag 26. desember kl. 13:45. Samstundes vart fylgjande tekst lagt til: «Å, ver hjå meg», ei attdikting av «Abide With Me» til nynorsk ved Peter Hognestad, med alle dei åtte strofene, kom i boka «Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte», 1925. «Å vær sjå mæg», ei attdikting av «Abide With Me» til dialekt ved General Forsamling, med fire av dei åtte strofene, kom på albumet «Frykten for å leva», 2019.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis