Noregs fyrste journalist
Den bergenske bladmannen, diktaren, kritikaren og musikaren
Claus Fasting har fått sin fyrste store biografi.
Eilif Peterssens (1852–1928) måleri «En Aften i Det norske Selskab» (1892). Mannen i grønt som lener seg så nonsjalant over bordet, er Claus Fasting.
Litteratur
sjurhabring@gmail.com
«Jeg ville foreene hvad den Lærde veed med hvad den Ulærde ønsker at vide» og «giøre det nyttige mindre kiedsommeligt, og det behagelige meere nyttigt». Dette for ein opplysingsmann så typiske credoet publiserte Claus Fasting i sitt mest kjende tidsskrift, Provinzialblade, i 1778. Levde han opp til programerklæringa? Ja, meiner Aina Nøding, som er litteraturvitar, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og forfattar av den fyrste omfattande Fasting-biografien.
– Han lukkast i den grad at han framleis står fram som ein av dei skarpaste og vittigaste pennane og formidlarane våre frå 1700-talet. Eg finn enno hugnad i å lesa essaya hans om alt frå venleik til vaksinasjon, harselasen over duglause forfattarar og dårlege musikarar og det engasjerte forsvaret hans for betre utdaning og likskap for loven, seier Nøding.
– Kven var denne bergensaren?
– Det kjem an på kven du spør, for Fasting har så mange sider. I norsk litteraturhistorie er han fyrst og fremst diktar, mislukka dramatikar og ein sentral aktør i litteraturklubben Norske Selskab i København. Men etter kvart som ein har blitt meir oppteken av presse- og mediehistorie, blir rolla som vår fyrste store litteraturkritikar og journalist sett på som viktigast, meiner Nøding.
– I større grad blir innsatsen hans for å spreia europeiske opplysingstankar gjennom journalistikken vektlagd. Han dyrkar fram ei ny form for litteraturkritikk og får i gang den offentlege diskusjonen om korleis ordskiftet i ålmenta bør vera, om kva for «køyrereglar» som bør gjelda. Den debatten fører me jo framleis.
Fastings Minde
Det finst berre eitt portrett av Fasting. Det blei trykt mest eit halvt hundreår etter at han døydde, og baserer seg på ymse førelegg. Som Nøding skriv i innleiinga til boka, er den problematiske portrettsituasjonen typisk for kva me veit – eller snarare ikkje veit – om mannen og livet hans. Me veit at han blei fødd i 1746 i Bergen, der far hans var prest i Nykirken. I København studerte han teologi og blei ein leiande medlem i Norske Selskab. I 1777 flytta han så heim til Bergen, etter å ha freista seg som dramatikar, diktar, omsetjar og litteraturkritikar i Danmark. Året etterpå starta han det som skulle bli eit av dei fremste norske tidsskrifta på 1700-talet, det nemnde Provinzialblade.
I heimbyen markerte han seg òg som musikar og sekretær i det nystifta Harmoniske Selskab, forgjengaren til dagens Bergen Filharmoniske Orkester, som er eit av verdas eldste symfoniorkester. Som frittalande politiaktor og rådmann tala han saka til dei fattige; spesielt oppteken var han av å betra soningsforholda i Bergens fengsel. På Nygårdshøyden står framleis «lyststedet» han var i ferd med å reisa då han døydde 45 år gamal i 1791 – «Fastings Minde» heiter huset, som i dag er eigd av Universitetet i Bergens.
Nye funn
Sidan arkivmaterialet om Fasting er så tynt, har feil og manglar florert i mange tidlegare biografiske skisser. Mykje har blitt ukritisk reprodusert, samstundes har hundrevis av tekstar og kjelder blitt liggjande ubrukte. I biografien presenterer Nøding fleire nye funn i form av ukjent arkivmateriale og syngespel (små operaar med både sungen og talt tekst), dikt og artiklar ein til no har trudd var gått tapt. Desse bidreg til ei meir utfyllande framstilling av Fastings offentlege verksemd og privatliv, skriv Nøding.
Fastings Bergen
– Då Fasting kom til verda, var Bergen med kring 14.000 innbyggjarar Noregs største by, dobbelt så stor som Kristiania. Korleis var det sosiale og intellektuelle klimaet?
– Bergen var ein handelsby i vekst, utettervend og med ei internasjonal kontaktflate, samstundes som lokale pietistar i presteskapet spelte ei viktig rolle. Ein utprega litterær eller bokleg by var det nok ikkje; som andre norske stiftsbyar hadde han eitt trykkeri, som det stod heller skralt til med. Alt som skulle prentast, måtte fyrst gjennom sensuren til biskopen.
– Korleis skildra Fasting heimbyen?
– Han klagar over at bergensarane er mest opptekne av pengar. Hollandske dukatar er meir verde enn daning, og folk interesserer seg meir for alkohol og tobakk enn for å lesa bøker – om ein i det heile les noko, så er det handelsprislister. Men når tidsskrifta kjem til Noreg i andre halvdel av 1700-talet, er det jo her dei fleste blir publiserte. Så Bergen må ha hatt mange skrivande og lesande menneske. Likevel er ikkje byen som København, som Fasting jo helst vil han skal vera.
Provinzialblade
– Og eitt av desse nye tidsskrifta var altså Provinzialblade, som Fasting gav ut frå 1778 til 1781. I boka karakteriserer du det som Noregs fyrste gode i sitt slag?
– Mediehistorisk er bladet ein hybrid mellom aktuelt magasin, underhaldande tilskodartidsskrift og engasjert meiningsjournalistikk. Her freistar han å samla det beste av litteratur, artiklar om nyvinningar innan naturvitskap og medisin, i tillegg til sine eigne essay om tilhøva i Bergen. Det uttalte målet er å samla og bringa det beste frå den store verda til Bergen, der han vil nå så mange folk som råd.
– Har du døme på kva Fasting skriv om i Provinzialblade?
– Kvifor døyr så mange kvinner i barsel i Bergen? Gjer ein noko gale, og kva bør endrast for at fleire mødrer skal overleva? Korleis står det til med musikklivet i Bergen? Som regel er svaret «temmeleg dårleg»: «ingen kjem på dei avanserte konsertane våre», kyrkjelyden syng frykteleg, og musikarane spelar miserabelt. Populær blei han ikkje av slikt.
Gjennomgåande freista Fasting å kopla det lokale med det internasjonale, seier Nøding.
– Til dømes når det gjeld den diskusjonen me framleis har: Er vaksinasjon farleg eller bra? Her bringar han siste nytt frå franske medisinarar på feltet. Bergens elite var delt i spørsmålet, og Fasting var for.
Fasting skreiv òg om franske forfattarar som Voltaire, Rousseau og Montesquieu og ville at bergensarane skulle overvinna skepsisen sin mot franskmennene, som vart oppfatta som fiendslege andsynes kyrkja og kongemakta.
– Gjennom alle dei fire åra med tidsskriftet strevar han med dette: å lirka Voltaire inn i medborgarane sine mot deira vilje.
Friare og frekkare
– Fasting var bergensar, men voks opp i eit dansk-norsk tvillingrike som var intellektuelt prega av København. Kva gjorde han til ein norsk opplysingsmann?
– Dette er ikkje ein kategori han sjølv opererer med. Etter 1814 har ein freista å fornorska han, med meir eller mindre hell. Det at Norske Selskab på Fastings tid var ein norsk-nasjonal enklave i København, er eit døme på ein nasjonsbyggjande konstruksjon som har kome til i ettertid. I den grad Fasting omtalar seg som «norsk», er det av di han er noko friare og frekkare enn vanleg. Han er ikkje redd for å seia kva han meiner, i ein frisk, humoristisk tone.
– Og det er altså typisk norsk?
– Eg veit ikkje. Kan hende er det heller typisk bergensk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Fasting klagar over at Bergen er ein by som er mest oppteken av pengar. Om ein i det heile les noko, så er det handelsprislister.
Aina Nøding, litteraturvitar og biograf
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?