JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Naturvern i dress og slips

I år er det 50 år sidan Natur og Ungdom var skipa. I ei ny bok fortel Per Thorvald Larsen korleis byungdom grunnla organisasjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Privat

Foto: Privat

4403
20170407
4403
20170407

Litteratur

ronny@dagogtid

I 1967 såg ein av dei viktigaste ungdomsorganisasjonane i landet lyset: Natur og Ungdom. Kven tok initiativet til oppstarten? Vi forventar gjerne at det byrja med ein gjeng samfunnsstormarar og politisk radikale aktivistar. Men der tek vi heilt feil. Skiparane var unge gymnaselevar og studentar i Oslo, altså asfaltungdom.

Opptakta skjedde for nøyaktig 50 år sidan, i mars 1967, då dei to urbane laga Norsk Feltbiologiske Ungdomsforening og naturvernforeininga til gamle, ærverdige Oslo Katedralskole – Katta, på folkemunne – slo seg saman under namnet Natur og Ungdom. Den offisielle grunnlegginga bar fyrst til i november same året, men markeringa av 50-årsdagen har alt byrja: Natur og Ungdom arrangerer ein årskonferanse i Oslo med feiring på Youngstorget frå 21. til 23. april. Samstundes har det òg kome ut ei bok om dei fyrste åra til Natur og Ungdom: Fra ungdom og natur til NATUR OG UNGDOM.

Det er ein av grunnleggjarane av Natur og Ungdom, Per Thorvald Larsen, som har skrive boka, som handlar om dei fyrste åra til organisasjonen. Larsen var med alt frå byrjinga, som medskipar av Katedralskolens naturvernforening, som vart oppretta i 1965.

Mikkjel Fønhus

Dag og Tid reiser til Fredrikstad, der Larsen held til, og der har han forlaget sitt, som boka er komen ut på: Faglitterært forlag. Larsen høyrer til ei gruppe som blir meir og meir sjeldsynt: små, idealistiske einmannsforlag. Tidlegare har han gjeve ut bøker om litteraturhistorie og klassiske språk, i tillegg til Tatt av skolen og Skolefri, som vekte debatt om dagens skule då dei kom ut i høvesvis 2007 og 2012.

– Dessverre kjøper ikkje bokhandelkjedene inn bøkene mine, men eg sel mange over nettet.

Bymannen Larsen er òg målmann; han har vore med å skipa Fredrikstad Mållag, og har gjeve ut bok om Østfold-dialektane, med Østfold Mållag som utgjevar.

Men no er det Natur og Ungdom som står på programmet. I 1965 fanst ikkje ordet miljøvern; det som engasjerte ungdomen ved Katta var såkalla «klassisk naturvern». Dette var ungdom i slips og dress som såg på naturfilmar på skulekinoen, med pause med Coca-Cola og bollar.

Men her bør vi ikkje ha fordomar:

– Vi var utettervende og engasjerte i store strider, som vern av Oslo-marka, ei av kjernesakene våre, og kamp for freding av Hardangervidda, Aurland, Gjende og Vassfaret, eit område mellom Hedalen i Valdres, Hallingdal og Ringerike.

Det stadfestar tidsskriftet Skog og mark som Larsen grunnla saman med Hans M. Borchgrevink, og som no lever vidare som tidsskriftet til Natur og Ungdom, no med namnet Putsj. Der trykte dei unge naturvernarane takkebrev frå kjende personar, som dette takkebrevet dei fekk i 1966: «Med hensyn Vassfaret, så vil jeg tro at det kan være god von om å redde det fra teknikkens verste angrep. Beste helsing Mikkjel Fønhus.»

Anarkistane

Då 1968-opprøret kom, skjedde det endringar som Larsen er ambivalent til, mellom anna radikalisering og politiseringa av rørsla.

I 1970 kom det til dømes ei omstrukturering av Natur og Ungdom som la ned sentralstyret under slagordet «demokratisk desentralisme»; det vart utført av unge med ei antiautoritær, anarkistisk orientering. Nedlegginga av hovudstyret gjekk òg utover drifta ved Katta. Slike som Larsen kjende seg ikkje heime lenger i Natur og Ungdom,

– Vi var ikkje interesserte i partipolitikk. Vi dreiv naturvern. Dessutan var vi heller ikkje assosierte med partia til yttersidene. SF, forgjengaren til SV, dreiv den gongen ikkje med miljøvern. Det var ikkje ei partisak, men ei oppgåve for alle nordmenn.

Men Natur og Ungdom overlevde dei turbulente 1970-åra. I dag tel organisasjonen over 7.000 medlemer i kring 70 lokallag.

Per Thorvald Larsen er glad organisasjonen han var med å skipe, har klart seg:

– Det er utruleg at Natur og Ungdom enno er i live. Og det er bra at dei har halde organisasjonen som eit lag for ungdom. Laget er tydeleg på at øvre aldersgrense for medlemskap er 25 år. Sjå på andre lag, som Bondeungdomslaget, der møta er merkte av eit høgt tal eldre heidersmedlemer. Eg er heller ikkje redd for framtida til Natur og Ungdom. Er det ei sak som er viktig for ungdomen, engasjerer dei seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi var ikkje interesserte i parti-

politikk. Vi dreiv naturvern.

Per Thorvald Larsen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis