Loreen – meir enn negler og stemmeprakt
Etter Sveriges siger i Eurovision Song Contest har debatten handla om at Finland, som folkets favoritt, burde ha vunne. Men det stod meir på spel i Baku for elleve år sidan.
Loreen frå Sverige løftar trofeet etter å ha vunne finalen i Eurovision Song Contest i Liverpool i år.
Foto: Phil Noble / Reuters / NTB
For oss som følgde Melodi Grand Prix-sendinga for elleve år sidan frå storskjerm på ein aserbajdsjansk uterestaurant i Baku, handla sigeren den gongen om mykje meir enn kven som hadde best låt. «Stem på fridomen, stem på Sverige», var bodskapen frå dei som arbeidde for fri presse og kvinners likeverd i landet ved Kaspihavet.
Medan aserbajdsjanske styresmakter gjorde det dei kunne for at verda skulle bli blenda av eit storslått sceneshow ved sida av verdas då største flaggplass, retta unge aktivistar merksemda mot menneskerettsbrota i landet under kampanjen «Sing for Democracy».
Aktivistar i tog
Dagen før finalen gjekk femti aktivistar med slagordet på kvite T-skjorter gjennom sentrum av Baku på veg ut til flaggplassen. Dei kom knappe hundre meter før politiet stoppa dei. Å demonstrere i sentrum av hovudstaden hadde ikkje styresmaktene tillate sidan presidentvalet i 2003. Det året tok Ilham Alijev over presidenttittelen frå far sin og sikra at makta vart verande i familien.
Mellom alle artistane som deltok det året, var det berre éi som torde å møte dei som kjempa mot den glamorøse fasaden. Loreen tok baktrappa i lange steg til kontoret til organisasjonen IRFS, som arbeidde for trygging av journalistar. Vel oppe trefte ho Rasul, ein av initiativtakarane bak Sing for Democracy-kampanjen. Han synte Loreen utstillinga med bilete av korleis styresmaktene banka opp journalistar og raserte heimen til vanlege folk for å byggje flaggplassen.
På finalekvelden vart stemninga spent. Menneskerettsforkjemparane frykta at straffa for å ha sverta landets image, ville kome etter at det internasjonale pressekorpset drog. Loreens siger vart derfor viktig for dei. Kunne møtet med artisten innebere ei form for trygging?
brukar røysta si
Styresmaktene slo ikkje til med ein gong. Dei venta to år. I august 2014 vart Rasul arrestert saman med andre mennerettsforkjemparar. Andre gjekk i dekning, heldt ein låg profil eller forlét landet. Medan Rasul sat bak murane, brukte Loreen røysta si til å krevje at han skulle sleppast fri.
Slik ho i 2012 hadde brukt statusen sin til å vise støtte til den fengsla Aljes Bjaljatski då ho reiste til Minsk for å treffe kona og dei belarusiske kollegaene hans. Etter nesten to år i fengsel vart Rasul og dei andre sleppte fri.
I år startar Loreen songen sin liggjande under ei steinhelle på scena, før ho gjennom innslaget kjempar seg opp på beina. I kontrast er organisasjonslivet i Aserbajdsjan framleis i kneståande. Kritikarane av regimet blir framleis fengsla. Dei som vågar seg ut med ein enkel protestplakat, blir raskt fjerna.
I år sytte Liverpool for at heile sendinga oste av solidaritet med Ukraina. Artistane vart presenterte saman med signalbygg og bruer i landet Russland bombar, for så å syne liknande bygg på dei britiske øyane. Det var kanskje ikkje tida for Loreen til å heve røysta? Men da ho heldt fram trofeet og ropte: «Det er til dykk!», tenkte eg at fleire kritiske røyster i Aserbajdsjan og Belarus tok det til seg. For dei visste, som eg, at Loreen kunne uttrykkje seg gjennom meir enn negler av stein. Dei visste kva kraft ho kunne ha utanfor scena.
Ane Tusvik Bonde er seniorrådgivar i Human Rights House Foundation og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.