JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Morgon og kveld

Vi trykkjer her eit utdrag frå ein av romanane til Jon Fosse. Vi har valt oss Morgon og kveld frå 2000 – omsett til fransk, farsi, engelsk, arabisk, serbisk og ei rekkje andre språk. Utdraget er frå dei åtte siste sidene av romanen – etter at Johannes’ far er død og dottera Signe tek imot legen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11514
20231013

Svenska Akademien:

Vad gäller den tidiga prosan är den lilla romanen Morgon og kveld från 2000 (Morgon och kväll, 2002) remarkabel. Den skrevs mitt i den hektiska dramaproduktionen och är kanske det ljusaste av alla hans verk. En morgon börjar verklighetskänslan lösas upp på ett skrämmande sätt hos den åldrade huvudpersonen Johannes. Vi förstår att han är döende. Ändå lägger sig under denna process och efter döden ett försonande skimmer över allt. Frågor uppstår utan att kräva något definitivt svar. Vid sidan om pauser, avbrott och negationer är frågan utmärkande för Fosses stil.

«Der trur eg legen kjem, seier ho

og ein bil kjem køyrande og blinkar seg ut og stansar og ein liten mann med grått skjegg stig ut og han opnar bakdøra på bilen og tar ut ei veske og han kjem gåande mot Signe og Leif

Det gjeld Johannes ja, seier legen

Ja, seier Leif

Du få bli med inn, seier Signe

og dei går tagale bort til huset og ho opnar ytterdøra og går inn i gangen og ho tenkjer at som barn var ho alltid så flau over at dei hadde steinheller til ganggolv, men no gjer det ikkje noko, tenkjer Signe og ho går inn på kjøkkenet og legen kjem inn bak henne og bak legen kjem Leif og han lèt att kjøkken-døra og Signe går inn i stova, legen og Leif følgjer etter

Han ligg der inne, på kammerset, bak forhenget, seier Signe

og legen nikkar og så tar Leif og dreg forhenget til sides og legen går inn og Leif går inn på kammerset etter legen og dette er fælt, tenkjer Signe, dette er ikkje til å halde ut, tenkjer ho og ho går ut på kjøkkenet, no må ho ha seg ein røyk, tenkjer Signe og ho går bort til kjøkkenbenken og ho tar tobakkspakken hans Johannes far og ho opnar den, tar seg eit sigarettpapir, tar seg ei god klype tobakk og så rullar ho seg ein røyk og så tar ho fyrstikkeska og ho kveikjer røyken og så står Signe der framfor kjøkkenvindauget og røykjer og ho ser ut i mørkret og ho tenkjer at no er også Johannes far borte, nei det er forferdeleg, men gammal var han jo, og lenge hadde han levd, men likevel, at han no for alltid er borte, det er for fælt, tenkjer Signe, nei det er fælt, tenkjer Signe og så høyrer ho steg og så ser ho legen komme ut på kjøkkenet

Du tar deg ein røyk, seier han

Eg gjer så, seier Signe

Ja han er død, ja, seier legen

Han har sovna roleg og fredeleg inn, seier han

Det må ha skjedd i natt eller kanskje i dag tidleg, seier han

I dag tidleg ja, seier Signe

Men han har ikkje prøvd å stå opp? seier ho

Det ser ikkje slik ut, seier legen

Han har nok berre sovna inn, seier han

Ja då har eg vel ikkje så mykje meir her å gjere, seier han

Det er sjølvsagt leitt, men han fekk jo leve eit langt liv, seier han

Ja, seier Signe

Ja eg kan ikkje gjere meir, seier legen

Ja takk skal du ha, seier Signe

og ho ser Leif komme inn på kjøkkenet og han ser mot legen

Eg kan følgje deg ut, eg, seier Leif

og han går mot kjøkkendøra og han opnar den og legen går ut og Leif går ut etter legen og Signe legg røyken frå seg i oskebegeret og ho går inn i stova og inn på kammerset og der ser ho Johannes far ligge og roleg ser han ut, nesten som om han søv, tenkjer Signe og ho tar handa si opp i hans, nesten som då eg var ei lita jente, tenkjer Signe og ho kjenner det presse på bak auga og auga fyllest og Signe kjenner på dei lange ru og tynne fingrane til Johannes far og ho ser at dei er ganske blåe blitt ute ved neglene og det er søndags ettermiddag og Johannes far leier henne, dei går der bortover vegen og Johannes tenkjer at no må vel snart Peter komme, han skulle då klippe Peter i kveld, det avtalte dei jo, tenkjer Johannes, men han kan då ikkje bli sitjande her på hagebenken hans Peter, sjølv om det er ein lys og fin sommarkveld og nett i stad såg han jo svigersonen Leif køyre forbi, kva no han enn skulle, tenkjer Johannes, men sitjande her kan han ikkje bli, det er sikkert, tenkjer Johannes og han reiser seg og der nede i vegen kjem jo Leif køyrande tilbake og attmed han i framsetet sit minstedottera Signe, nei at ho ikkje kjende han att, at ho ikkje ville svare då han snakka til henne, nei det var no fælt, tenkjer Johannes, og viss det er noko ugreie dei imellom får han vel berre gå oppom til henne og spørje kva det kan vere, dette må dei jo ordne opp i, tenkjer Johannes, og han skulle ha gjort det med det same, viss det ikkje hadde vore for avtalen han har med Peter, tenkjer Johannes og han tenkjer at her kan han ikkje bli verande, kanskje skal han igjen banke på hos Peter, kanskje låg han og kvilte middag då Johannes banka på i stad, det kan godt vere, tenkjer Johannes og han reiser seg og går opp til ytterdøra i huset hans Peter og han bankar på, ein gong, to gonger, fleire gonger, men ingenting kan høyrast og så høyrer Johannes steg bak seg og han snur seg og der står jo Peter

Endeleg er du der Peter, seier Johannes

og Peter rettar seg opp

No må du komme Johannes, seier han

Skal vi ikkje gå inn i huset ditt og klippe deg? seier Johannes

Nei nei, seier Peter

Eg trudde vi hadde avtalt det, eg, seier Johannes

Nei klippe meg kan du ikkje lenger Johannes, seier Peter

og så tar Peter eine handa si opp og han tar rett igjennom håret sitt som om der ikkje noko hår var

Du skjøner? seier Peter

Eg veit ikkje, eg, seier Johannes

Du er død du òg no, Johannes, seier Peter

og Johannes ser mot Peter og det er jo fælt det han no seier, at han skal vere død

Eg er død? seier Johannes

Du er død no, du Johannes òg, seier Peter

Og sidan eg har vore din beste venn, vart det til at eg skulle hjelpe deg over, seier han

Hjelpe meg over? seier Johannes

og Peter nikkar

No ligg du død heime i huset ditt du Johannes, seier Peter

Så det gjer eg, seier Johannes

Ja, seier Peter

Kom no Johannes, seier han

og Johannes går bort til Peter og så begynner Johannes og Peter å gå bortover vegen

Skal vi vest i Vågen? seier Johannes

Ja, seier Peter

Kva skal vi der? seier Johannes

No skal vi reise bort, du og eg, seier Peter

Ja, seier Johannes

Vi skal gå i gavlbåten min, og så skal vi reise til ein annan stad, seier Peter

Ja du får bestemme du, seier Johannes

Eg må vel det ja, seier Peter

og Johannes tenkjer at kva er no dette, nei dette skjøner han seg ikkje på, for har han ikkje i dag vore saman med Peter og trekt krabbeteiner, og har dei ikkje òg drege over til byen og lagt til kai der for å prøve å få selt krabben, men krabbe fekk dei ikkje selt, dei vart berre av med ein plastpose full av krabbe som Peter gav til gamle frøken Pettersen, eller Peter sette den att til henne på kaien og etter ei stund kom jo ho og henta plastposen, like etter at dei hadde bestemt seg for å snu heim att kom jo gamle frøken Pettersen, alt dette har jo skjedd, og så skal han vere død

No er du òg død Johannes, seier Peter

I dag tidleg døydde du, seier han

Og sidan eg har vore din beste venn, så vart eg send for å hente deg, seier han

Men kvifor har vi fiska krabbe? seier Johannes

Du måtte venje deg av med livet, noko måtte vi berre gjere, seier Peter

Så det er slik, seier Johannes

Slik er det, seier Peter

og dei tar til høgre og begynner å gå nedover den tilgrodde vegen mot Vågen

Men eg kan jo sjå deg, seier Johannes

Eg fekk litt kropp tilbake, slik at eg kunne hente deg, seier Peter

Men no skal vi to gå i gavlbåten og så skal vi reise, seier han

Kvar skal vi reise? seier Johannes

Nei no spør du som om du framleis var i live, seier Peter

Ikkje til nokon plass? seier Johannes

Nei der vi no skal, det er ikkje nokon plass, og difor har den heller ikkje noko namn, seier Peter

Er det farleg? seier Johannes

Farleg nei, seier Peter Farleg er eit ord, det finst ikkje ord der vi skal, seier Peter

Er det vondt? seier Johannes

Det finst ikkje kroppar der vi skal, så vondt finst ikkje, seier Peter

Men sjela, gjer det vondt i sjela der? seier Johannes

Det finst ikkje deg og meg der vi no skal, seier Peter

Er det godt å vere der? seier Johannes

Det er verken godt eller vondt, men stort og roleg og litt sitrande, og lyst, om eg no skal seie det med ord som ikkje seier så mykje, seier Peter

og Johannes ser mot Peter og han ser at Peter smiler bak det gråe håret som no er blitt endå lengre, langt nedover skuldrene rekk no håret hans Peter og det er no blitt tjukt og friskt og det er som gylt lys skimrar rundt hovudet hans

Ja du Peter, du Peter, seier Johannes

og Peter og Johannes går attmed kvarandre nedover mot Vågen og så brått, utan at dei har gått om bord i gavlbåten hans Peter, er dei berre om bord i gavlbåten hans og så, like brått, er dei på veg ut Vågen

No skal du ikkje sjå deg attende du Johannes, seier Peter

No skal du berre sjå mot himmelen og lytte til bølgjene, seier han

Du høyrer ikkje dunkinga frå motoren lenger, gjer du vel? seier han

Nei, seier Johannes

Og du frys ikkje lenger, seier han

Nei, seier Johannes

Og ikkje er du redd heller, seier Peter

Nei, seier Johannes

Men Erna, er ho der? seier Johannes

Alt du er glad i er der, alt du ikkje liker er der ikkje, seier Peter

Så syster mi Magda er der òg? seier Johannes

Ja då, seier Peter

Endå ho døydde før ho vart vaksen, seier Johannes

Ja slik er det, seier Peter

Ja då, seier Peter

og Johannes ser opp og han ser at gavlbåten hans Peter har tatt kurs rett ut mot opne havet i vest

Kan vi dra rett til havs, det blæs jo og stormar? seier Johannes

Det kan vi, seier Peter og Johannes ser at dei no nærmar seg Storeskjer og Vesleskjer og aldri før har vel Johannes vågd seg vest i havet i slikt eit vêr, for det blæs og bølgjene går store og gavlbåten hans Peter vrengjer seg opp og ned i bølgjene og så er det ikkje lenger gavlbåten hans Peter dei sit i, men i ein båt er det, og på havet er dei, og himmel og hav er som eitt og det same og sjø og skyer og vind er som eitt og det same og så er alt som vatn og lys i eitt og det same og der er jo Erna og auga hennar lyser og lyset frå auga hennar er òg som alt det andre og så kan ikkje Peter sjåast lenger

Ja no er vi på veg, seier Peter

og både Peter og han sjølv er seg sjølv og samstundes ikkje, alt er eitt og samstundes forskjellig, det er eitt og likevel nett det det er, alt er skilt og utan skilje og alt er roleg og Johannes snur seg og langt der ned, langt langt under han ser han at Signe står, kjære Signe, der nede, langt der nede står kjære minstedottera Signe og Johannes fyllest av slik kjærleik til Signe der ho står med si minstedotter vesle Magda i handa og rundt Signe står alle dei andre ungane hans og alle barnebarna og naboar og kjære kjenningar og presten står der og så tar presten opp litt jord og Johannes ser auga til Signe og i dei er også det lys han såg i auga hennar Erna og han ser alt mørkret og alt det fæle som der nede er og han

Det er fælt der nede, seier Johannes

No skal orda forsvinne, seier Peter

og Peter er så bestemt i røysta si

og Signe ser presten hive jord på kista hans Johannes og ho tenkjer at du var no litt av ein type du kjære Johannes far, sær og egen det var du, men god òg, og tungt hadde du det, eg veit det, eg, brekte deg kvar morgon då du stod opp, men god det var du, tenkjer Signe og ho ser opp og ho ser kvite skyer på himmelen og ho ser sjøen så roleg i dag lyse blått og Signe tenkjer at du Johannes far, du Johannes far»

Jon Fosse

Frå Morgon og kveld, Samlaget 2000

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis