JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Diktaren Mette Moestrup etterlyste fleire hekser i ein båltale i 2013.

1805
20170310
1805
20170310

HEKSA ER INNE

Det okkulte skyt opp frå undergrunnen i stor stil, og særleg er det heksa som heimsøkjer litteraturen, melder den danske avisa Politiken og viser til Mette Moestrups båltale i 2013 der ho kom med ein open invitasjon: «Kvar by har mange ulike hekser, og der er plass til mange fleire.» Mykje tyder på at invitasjonen har vorte høyrt, skriv avisa, og viser til Hekseskolen på den litterære scena, som forfattarane Johanne Lykke Holm og Olga Ravn starta i 2015.

Kasper Olstrup, som forskar i det okkulte i feltet mellom estetikk og politikk ved universitetet i København, meiner at ein kan snakka om ein tilbakekomst av det okkulte både i kunsten og litteraturen.

– Fidusen med det okkulte er at det er knytt til krisetider. Når livet vert prekært, blømer det okkulte som fellesskap. Alltid! Det kan ein merka heilt tilbake til renessansen, seier han.

OM DET UMOGLEGE

Forfattaren og forlagsmannen Geir Gulliksen er intervjua i Weekendavisen. Der seier han:

– Det er godt å stå overfor noko som verkar umogleg. Det at det verkar umogleg, gjer det mogleg. Det som kan skrivast utan vidare, er ofte konvensjonelt. Eg trur på usikkerheit. Usikkerheit er godt. Eg er usikker når eg skriv og usikker når eg les. Viss ein er skråsikker, er det av di ein skriv eller les noko velkjent, seier Gulliksen til den danske avisa.

KLASSISK MUSIKK SLÅR FOTBALL

I Tyskland er det opp imot 40 prosent fleire publikummarar på klassiske konsertar enn på fotballkampar i Bundesligaen, skriv Politiken.

Forretningsføraren i den tyske orkesterforeininga er overtydd om at det er starten på ein ny tendens. Statistikken frå orkesterforeininga DOV fortel at oppslutnaden om klassiske konsertar steig med 10 prosent førre sesong.

I alt skal 18,2 millionar ha vore innom 13.800 klassiske konsertar

ottar@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis