Frå Mimes brønn

Forteljaren Heidi Dahlsveen blandar norrøne mytar og moderne liv i sogene sine. Den munnlege forteljinga er framleis livskraftig og aktuell.

I den nyaste framsyninga si har Heidi Dahlsveen blanda historisk stoff med personlege erfaringar.
I den nyaste framsyninga si har Heidi Dahlsveen blanda historisk stoff med personlege erfaringar.
Publisert

Denne helga skulle den årlege forteljarfestivalen i Oslo vore arrangert for syttande gong. Profesjonelle forteljarar skulle kome frå heile verda for å dele soger, mytar, segner og eventyr, men også nye uttrykk og nye former i utforskande og sjangeroverskridande uttrykk.

Forteljekunsten er like gamal som menneske sjølv, det ligg djupt i DNA-et vårt å fortelje. Forteljingar skaper struktur, av levd liv, av alle slags fantasiar og førestillingar – og av minne. Før skrifta kom til, hadde dei munnleg overleverte historiene heilt vesentlege funksjonar i samfunnet, dei både skapte og heldt oppe identiteten hos folkegrupper og nasjonar. Sogene var underhaldning, historiefag og pedagogikk.

Høg status

Gode forteljarar hadde høg status i førskriftlege samfunn og var ofte knytte til stormenn og hoffa deira, som den norrøne skalden. Skaldekvada, kongesogene og islendingesagaene eksisterte munnleg lenge før dei vart nedskrivne, og dei har framleis ein framskoten posisjon i litteraturhistoria.

I den vestlege verda fekk forteljekunsten ein renessanse som scenisk kunstuttrykk i 1980- og 1990-åra. Dei siste åra har eg-forteljingane vore i vinden, som i den populære standup-sjangeren. Den moderne forteljekunsten har fått høgare status som kunstutrykk, og dei fleste skuleelevar av i dag har hatt ein forteljar eller tre på besøk gjennom den kulturelle skulesekken.

Mimesis

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement