JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Filmveteran utan Oscar

I fjor venta eg på Paul Schraders kritikarroste First Reformed, men filmen kom ikkje på kino i Noreg. Sundag kan Schrader vinna Oscar-pris for beste originalmanus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Robert De Niro i rolla som den einsame Vietnam-veteranen Travis Bickle i Taxi Driver (1976), ein karakter Schrader baserte på seg sjølv.

6887
20190222
6887
20190222

Film

maylinnclement@hotmail.com

Kven er Paul Schrader, kan ein spørja. Den særeigne 72-åringen har lang fartstid i filmbransjen. Han får A-kjendisar som Nicolas Cage til å spela i B-filmane sine, som Dog Eat Dog (2016). Med American Gigolo (1980) var han ifylgje kollega og forfattar Bret Easton Ellis banebrytande.

– Filmbransjen hadde aldri før sett ein mann bli gjord til objekt slik Richard Gere vert i denne filmen, seier han i podcasten sin.

Men Schrader er ikkje like kjend som kumpanane sine i The Movie Brats, ei samlenemning på filmskaparane som snudde Hollywood på hovudet frå slutten av 1960- og ut i 1970-åra. Dei gamle, etablerte studioa hadde mista kontakten med dei yngre kinogjengarane. Den nye generasjonen søkte noko dei kjende seg att i. Løysinga vart å gje ein gjeng unge filmskaparar fritt spelerom. Slik fekk me Easy Rider (1969) av Dennis Hopper, Gudfaren (1972) av Francis Ford Coppola og Taxi Driver (1976) av Martin Scorsese. Sistnemnde var det Paul Schrader som skreiv manuset til.

Skreiv seg frisk

Taxi Driver handlar om ein einsam Vietnam-veteran som byrjar å køyra taxi i New York. Han slit med å tilpassa seg samfunnet, er søvnlaus, drikk mykje og utviklar vrangførestillingar som fører til ekstreme handlingar. Ein mørk rollefigur, rasistisk og sjåvinistisk. Som sjåar endar du likevel med å heia på Travis Bickle, spela av Robert De Niro. Det er litt av metoden til Paul Schrader.

– Om du kan halde på tilskodaren lenge nok, i rundt 45 minutt, vil han føla med personar han normalt ikkje ville hatt sympati med. Då kan det skje interessante ting for ein filmskapar, har han sagt.

Schrader presenterer plott og rollefigurar, men gjev ikkje føringar på tolking. Ein kjølig og distansert stil, som er ulik Hollywood elles.

På den tida han skreiv manuset til Taxi Driver, budde Schrader i bilen sin, drakk jamt, hadde magesår og usosiale tendensar. Han var einsam i ein storby. Langt nede skapte han Travis Bickle og universet rundt.

– Å skriva om han, vart berginga mi.

På ti dagar skreiv han to utkast til Taxi Driver, ein av dei verkeleg ikoniske amerikanske filmane gjennom tida.

– Alt som vert til på kort tid, har ein grunn til å eksistera. Eg er ikkje interessert i å lesa eit manus nokon har arbeidd med i fleire år. Er det skrive på fire dagar, veit eg at her er det noko som brenn.

Kalvinistisk familie

Schrader skil seg ut frå Martin Scorsese, George Lucas og Steven Spielberg, som alle har eit nostalgisk syn på filmane dei vaks opp med. Schrader vaks opp i ein kalvinistisk kyrkjelyd der dei ikkje såg filmar.

– Eg var åleine blant kollegaane mine om ikkje å ha barndomsminne frå filmverda å koma tilbake til. Barndomsminna mine dreier seg om misjonering og teologiske diskusjonar rundt kjøkenbordet, fortel han i boka Schrader on Schrader.

Fyrste gong han såg ein film, var han i slutten av tenåra. Med ei brennande interesse tok han fatt på filmhistoria etter å ha flytta frå heimstaden Grand Rapids.

– Dei fyrste åra i Los Angeles såg eg rundt 25 filmar i veka. Så snart eg var ferdig med dei europeiske filmane, min fyrste kjærleik, tok eg føre meg den amerikanske kanonen.

Han kunne ikkje attskapa ein gangster-, science fiction- eller eventyrfilm frå barndomen, som dei andre i The Movie Brats fekk uhorveleg suksess med. Han greip heller fatt i vaksne tema på ein intellektuell måte – vaksne menneske, med vaksne problem. Filmane skildrar ofte einsame menn som står utanfor samfunnet og ser inn. Dei vil gjerne tilpassa seg, men har ikkje evna. Hovudpersonen i First Reformed, pastor Toller, er ikkje noko unnatak.

First Reformed

– Paul er sint og har noko å seia. Det er eit av dei beste manuskripta eg har lese. Rollefiguren kravde mykje frå meg. Å ha ei slik rolle er i seg sjølv grunn nok til å vera skodespelar.

Det seier Ethan Hawke om First Reformed i eit intervju. Hawke spelar hovudrolla, ein prest med skrantande helse som driv ei gamal, avsidesliggjande kyrkje. Kyrkja, som deler namn med filmen, er meir vitja av turistar enn av truande. I samtale med ein komande far og miljøaktivist vert presten konfrontert med spørsmåla: Er det rett å bera fram eit barn til denne verda? Kan Gud tilgje oss for alt me har gjort med denne verda?

Sjølv skriv Paul Schrader på Facebook at øydelegging av naturen fører til fortviling over menneskeslekta.

– Difor er First Reformed skriven i vår tid.

Klimaspørsmål vert høgst reelle for pastor Toller. Han finn ut at kyrkja vert driven av pengar tente på rovdrift av miljøet. Nett som med Travis Bickle i Taxi Driver leier dette pastoren i ekstrem retning.

Vert vist i Oslo

First Reformed vert av filmkritikarar løfta fram som ein av dei beste filmane frå i fjor. Likevel fekk han ikkje distribusjon i Noreg. Karsten Meinich, redaktør for filmtidsskriftet Montages.no, har fylgt med på kinodistribusjonen i årevis. Han meiner First Reformed er eit klasseeksempel på ein film som fell mellom to stolar.

– Filmen er amerikansk og kritikarrost, men ikkje kommersiell. Me har fleire gongar sett at denne kombinasjonen går under radaren. Det er lettare for ein smårar argentinsk film å få filmdistribusjon i Noreg enn for ein amerikansk alternativ film.

Meinich sit i programrådet for Kunstnernes Hus Kino i Oslo. Han fortel at dei i vår har eit samarbeid med Vega kino og Cinemateket i hovudstaden om å visa kvalitetsfilmar som ikkje har fått brei kinodistribusjon.

– Fyrste filmen me viser, er First Reformed. Filmen kjem til alle dei tre kinoane i mars og ut i april.

Han kallar filmen klokkerein og tydeleg, i motsetnad til mykje anna Schrader har gjort.

– Ser me attende på filmografien hans, ser me ein filmkunstnar med eit røft uttrykk. Han har prøvt seg på mykje og feila fleire gongar.

Meinich trur mange filmentusiastar er overraska over comebacket Schrader har gjort med First Reformed.

– Mange hadde nok avskrive Schrader litt som filmskapar. Så leverer 72-åringen ein av fjorårets beste filmar.

Vert det pris?

Paul Schrader har aldri vore nominert til nokon Oscar-pris tidlegare. Raging Bull (1981) vart nominert i åtte kategoriar, men ikkje for manuset til Schrader.

Får han Oscar på sundag? Eg spør Meinich.

– Dette er eit spesielt uføreseieleg Oscar-år. Historia viser likevel at dersom akademiet har høve til å gje ein Oscar til ein veteran, så gjer dei det.

Kva ein pris vil bety for Schrader sjølv, er eg usikker på. Til kollegaen Scorsese kom han nemleg med dette rådet:

– Om det er ein Oscar-statuett du er ute etter, har du feil motivasjon.

Paul Schrader er alt i gang med neste film. Eg håpar å sjå han på kino.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Karsten Meinich, redaktør for Montages.no

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis