Fiktivt

Publisert

Vi møtest på ein grå dag midt i hovudstaden, Kamzy Gunaratnam og eg. Ingen av oss i bunad. Men Kamzy er praktisk og har slått opp ein paraply, eg er idiot og går utan. Trur liksom ikkje eg skal rekke å bli ordentleg våt mellom stadene eg skal. Men eg rekk det som regel alltid. Også no. Kamzy ler litt av det stakkarslege oppsynet mitt. Og då må eg også le. Og det blir litt betre. Så kjem kaffien på bordet, og alt er bra.

Så skjer eg like godt til det kroniske beinet til den ferske leiaren av Oslos 17. mai-komité:

– Så, på ein skala frå ein til ti, kor norsk er du, Kamzy?

– På ein skala frå ein til ti? Vil du rangere meg med hjelp av indo-arabiske tal? Er du ikkje klok? Lat oss seie frå naustet til garden, heller.

– Ja, du har sjølvsagt rett. Så på ein skala frå naustet til garden, då, kor norsk er du?

– Garden, seier Kamzy. – Urgarden til og med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement