JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

På bilete av den oppstadne Kristus har han som regel lendeklede kring livet. Det har ikkje ein bortgøymd statue av Michelangelo som no er på utstilling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pietá av Michelangelo.

Pietá av Michelangelo.

Foto: Wikicommons

Pietá av Michelangelo.

Pietá av Michelangelo.

Foto: Wikicommons

3206
20170407
3206
20170407

Kunst

Ronny Spaans

ronny@dagogtid.no

Jesu liding var eit ynda motiv hjå europeiske kunstnarar i renessansen, om det var Kristus på krossen eller den oppstadne herren. Dette er eit av temaa for ei utstilling som nett har opna ved National Gallery i London, Michelangelo and Sebastiano, som handlar om likskapen mellom desse to: den italienske bilethoggaren og målaren Michelangelo (1475–1564) og landsmannen hans, kunstmålaren Sebastiano del Piombo (1485–1547).

Når du kjem inn i utstillingslokalet, blir du overraska over ein statue av den oppstadne Kristus av Michelangelo – han ber ikkje lendeklede kring livet. Det bryt med den vanlege framstellinga av Kristus, der det er vanleg å løyne kjønnsorganet. Kledet han skulle ha kring livet, held han nonchalant i handa. Kva skal det tyde?

Utan tøyfilla

Kunstverket er hovudattraksjonen ved utstillinga, og det skil seg frå andre Kristus-bilete, også dei verk av Michelangelo, som til dømes det kjende Pietá, som står inne i Peterskyrkja i Roma. Ein kopi av Pietá er elles utstilt i National Gallery: han viser ein mager og maktstolen Kristus, nett teken ned frå krossen, i fanget på mor si, Maria.

Pietá kan elles fungere som ein kontrast til den oppstadne Kristus. Ifylgje kuratorane ved utstillinga handla det nettopp om å syne Kristus i all si makt og livskraft. Jesus er her skildra som sigerherren over dauden. Kvifor skulle han då ha eit klede kring livet, som for å løyne skam og synd? Kristus var utan synd.

Om vi studerer skilnaden mellom desse verka nøyare, ser vi jo òg fleire finessar. Kristus er muskuløs, har velstelt skjegg og hår og står i ei avslappa stilling. Han held kring krossen som om det var kva som helst slags søyle. Dette underbyggjer argumentet om den frie, triumferande frelsaren – den sigervisse herren som etter tre dagar kom levande ut av grava. Kvifor skulle han bry seg med å tulle ei tøyfille kring livet?

Klassiske skulpturar

Men nakne menneskekroppar var ikkje eit ukjent fenomen i kunsten på 1500-talet. I renessansen vart skulpturar frå klassisk gresk og romersk tid gjenoppdaga og kopierte. Dei viser menneskekroppar i fullkomne proporsjonar. Her fann kunstnaren med andre ord modellen for sin perfekte Kristus.

Men det finst òg ei anna forklåring på den nakne figuren. Kunstverket vart laga kring 1515, på bestilling av ei dame i Roma. «Ein naken Jesus ved krossen», lydde oppdraget. Kunstverket var elles lenge forsvunne; det vart fyrst funne att i 1997, i sakristiet i ei kyrkje utanfor Roma.

Det finst ein maken Kristus-figur av Michelangelo, utstilt i Santa Maria sopra Minerva i Roma. Men denne statuen har geistlege dekt med eit lendeklede – og det av metall! Denne lagnaden slapp den nakne Kristus-figuren, nettopp fordi han lenge var halden for å vera tapt.

Men det er ein ting den italienske meisteren ikkje fekk med seg: Den historiske Kristus var omskoren. Det ser ikkje denne statuen ut til å vera. Og det var som kjent heller ikkje den vidgjetne David-statuen av Michelangelo. Men truleg var det for Michelangelo ein uviktig detalj.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis