JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Stortingsarkivet / NTB

Foto: Stortingsarkivet / NTB

2587
20211029
2587
20211029

Kristian Halse (1926–2018) var ein kulturberar på Helgeland. Han var politikar, lokalhistorikar, diktar og lærar. Han høyrer til arven etter det gamle Venstre, som målfolk og lærarar flokka seg ikring. Halse var stortingsrepresentant for Venstre i perioden 1969–73. Han var frå Stangvik på Nordmøre. Der kom han frå ein familie med mange kreative sjeler. Ein av onklane hans var Leif Halse, kjend som tekstforfattaren til Vangsgutane.

Men det er lite om Nordmøre i dikta til Halse. Det er Vefsn og Mosjøen som går att i dikt etter dikt. Den fyrste samlinga han gav ut, Levande tid. Prologar og dikt (2001), inneheld høvesdikt han skreiv igjennom åra. Det er dikt til skulejubileum, festspel og liketil dikt til den nye kinoen i byen.

«Til flagget og 17. mai» er skrive til 17. mai-feiringa ved Nesna lærarskule i 1950. Eg gjev ein smakebit: «Trugen bar kvar mann og kvinne/ eigen kross i eige land,/ inntil våren atter løyste/ livet ur or teleband». «Våren» viser til frigjeringa, men det er sikkert ein og annan ved Nesna universitetet som les noko anna inn i den strofa i dag.

I 2009 kom ei diktsamling med ein heilt annan karakter, Min løynde blom. Her er det tale om indre, kontemplative dikt i klassiske versskjema, som i diktet attmed. Vi kjenner alle til Odyssevs på den ti år lange sjøreisa si, fortald i Odysseen.

I dette diktet tiltalar Halse anten Odyssevs sjølv eller eit ungt menneske som har livslyst og er nyfiken på livet: «Du siglar i sol, og kjærleikens glede/ fyller ditt segl mot dei ufødde land:» Diktaren portretterer seg sjølv som det omvendte – ein gamal mann, som «sit i hus» og er «på vaneveg». Men i skymingstimen stig òg ein utforskartrong opp hjå han òg, då truleg i draumane og lengslene hans. Han stig då fram som ei uroleg sjel som aldri har funne svar på gåtene i livet – han er ein «evig Odyssevs forutan land». Det er eit godt portrett av eit eldre menneske. Ein forsonar seg med livet, men det inneber ikkje at store lengsler forsvinn.

Ronny Spaans

Odyssevs utan land

Du siglar i sol på Egearhavet,

siglar din ungdom frå øy til øy.

Eg er i det grå, ein alders slave

på vaneveg og ser vona døy.

Du siglar i sol, og kjærleikens glede

fyller ditt segl mot dei ufødde land.

Eg sit i mitt hus og let stilla frede

alt det du er for ein gamal mann.

Med lid det mot natt, så veit eg det hender

at eg går i båten og mødesamt ror

inn i ditt hav og leitar langs strender

der du og ditt solsegl i livsglede fór,

leitar i dagar og lyser i netter,

ror og ror der din solbåt rann,

fanga i ferda i tidene etter;

ein evig Odyssevs forutan land.

Kristian Halse

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis