Foto: NTB
Syrinen kan ikke
Syrinen kan ikke ånde natt
men bare sommerens lys!
Den ville sommeren legger seg
til ro i syrinens fiolette søvn
som rummer alt, og hvis drømmer
strømmer ut i altet, et lys
som går foran på veiene
ja, jager i skogene
og driver skipene over havet
Sommerens hjerte: syrinen
pumper altets blod
Gunvor Hofmo
Syrinen kan ikke
Syrinen kan ikke ånde natt
men bare sommerens lys!
Den ville sommeren legger seg
til ro i syrinens fiolette søvn
som rummer alt, og hvis drømmer
strømmer ut i altet, et lys
som går foran på veiene
ja, jager i skogene
og driver skipene over havet
Sommerens hjerte: syrinen
pumper altets blod
Gunvor Hofmo
Kan syrinen romme alt? Syrinen som berre blomstrar nokre knappe sommarveker og er mest som eitt blaff? Jo, nett slik: intens, flyktig og med eit uforklarleg lys. Eksistensen femna i ein nattleg syrin.
Gunvor Hofmo ville ha fylt 100 år 30. juni. Eit sommarbarn som blei ei «mørkets sangerske», for å låne orda til Jan Erik Vold. Diktet «Syrinen kan ikke» er frå den nest siste samlinga hennar, Tiden, som inneheld ei rekke kortare dikt i fri form, med eit rytmisk driv, og med bilete som gjerne er knytte til årstid, regn, vind og – ikkje uventa – natt, mørke, skumring.
Sjølv om hovudmotivet i diktet er den konkrete syrinen i sommarnatta, er det det meir abstrakte «altet» som gir diktet tyngd. Dette er noko som særmerker diktaren Hofmo seint i livet, skriv Steinar Opstad i essayet «Alvor og ynde» i boka Himmelretninger. «Hun orienterer seg mer horisontalt, mot det hverdagslige og observerbare, og mindre vertikalt – mot metafysikken og gudsmysteriet. Men begge synsmåter fins der samtidig. Å kalle henne imagist er en overdrivelse, for diktet lades først og fremst i abstraksjonene (…)»
Steinar Opstad fylte 50 år den 28. juni i år. Han har ikkje berre utvida den poetiske tenkjemåten vår med ni eigne diktsamlingar frå debuten Tavler og bud i 1996. Han har òg styrkt lesinga vår av andre si dikting, som gjendiktar, som redaktør av antologiar og som framståande essayist. Gjerne om diktarar han kjenner eit valslektskap med, som Gunvor Hofmo blant dei norske.
Då Hofmo nett hadde fylt 50 år, braut ho 16 års offentleg togn med utgjevinga av diktsamlinga Gjest på jorden, som kom hausten 1971. Det skulle bli femten nye diktsamlingar i åra fram til samlinga Epilog, utgjeven året før ho døydde, ein haustdag i 1995.
PS: Syrinar kan få høg levealder. Det finst syrinbuskar som er over 450 år gamle.
Cathrine Strøm
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.