Diktet

Dagens dikt er frå 1916

Publisert Sist oppdatert

Vi er midt i juli – denne gongen eit dikt av hovudstadspoeten Olaf Bull (1883–1933), av mange sett på som vår største tradisjonelle lyrikar, formsikker, alltid med rima på plass. Han gav ut sju samlingar 1909–1932 – hans Samlede digte kom i 1942 og er gjevne ut fleire gonger seinare. Fredrik Wandrup har skrive biografien Olaf Bull og hans samtid (1995). Diktet «Metope», frå samlinga med same namn (1927) har ord på seg for å vera Noregs «beste».

Dagens dikt er frå 1916. Det handlar, frå mannens side, om å sjå att den som ein gong var kjærasten hans – «hendes sidste møte», seier diktet, «til fred for os begge to». Altså er det ho som har slått opp?

Men smerta ved oppbrotet kviler i «hendes ansigtsdrag» – mannen minnest kjærasten han hadde, ekstatisk som ho var i sine «pikedage». Sjølv kjenner han inga smerte, seier han, det er nye lengslar som brenn i hjarta hans no.

«Balansen» i diktet er at mannen opplever «tidens skjønhet» med tanke på åra som er gått sidan den gongen dei var saman – «en ilende engel/ henover mindets spor».

Diktets tittel gjer teksten ambivalent. Er handlinga realistisk – eller noko diktaren har «drøymt»? Tidas venleik – er det noko ein opplever i draumen? Eller finst det ein diktarsorg involvert i denne historia, som han ikkje riktig vil «vedgå»?

I seinare år har det vore lite snakk om Olaf Bull. Det føreligg éi doktorgradsavhandling, utgjeven som bok i 1994: Andreas G. Lombnæs: Natur/ Subjekt/ Språk. Lesninger i Olaf Bulls forfatterskap. Men vi veit at for triangelparken på Skillebekk (der Drammensveien og Munkedamsveien møtest) fekk poeten, oppvaksen i same strok, endeleg tilbake namnet sitt i 2018. Området heiter no – slik det heitte før: Olaf Bulls plass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement