JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4448
20181221
4448
20181221

Bente Kalsnes har arbeidd med plattformer for nettdebatt i Dagbladet og i A-pressen, og er no forskar på Høgskolen i Oslo. For tida forskar ho på korleis dei politiske partia driv med moderering på Facebook-sidene sine.

- Statsministeren vart nyleg kalla «landsforrædar» på Facebook-sida si. Kva gjer hetsen og sjikanen på nett med ordskiftet vårt?

–?Når ein pushar grensene for kva ein kan tillate seg å seie, kan det normalisere ord og uttrykk som ikkje har vore tillatne i redaksjonelle medium, ein språkbruk som har vore utanfor det akseptable. Når statsministeren blir kalla «landsforrædar» er det svært drygt. Det spesielle med Facebook-sidene til politikarane, er at dei har eit redaktøransvar for kommentarfelta sine, og det er eit ansvar som både krev arbeid og kompetanse.

– Aggresjonen er ikkje berre på nett. Terskelen for å hetse eller truge folk via til dømes SMS ser ser òg ut til å ha blitt senka. Er det ein samanheng?

– Det har blitt lettare å kommunisere direkte enn før, og det er fleire kanalar å nå folk på. Dette treng ikkje i seg sjølv å senke terskelen for sjikane, og det er vanskeleg å seie kvifor folk tillet seg å sende hatmeldingar. Men det har blitt lettare å finne folk som deler synspunkta og verdsbiletet sitt. Det kan gjere at ein kjenner at eins eigne synpunkt blir meir akseptable. Og nettet har gjort det lettare å koordinere kampanjar mot folk.

– 40 prosent av politikarane på Stortinget og i regjeringa har opplevd alvorlege truslar, og tre av ti ordførarar har opplevd grove truslar og hets det siste året. Folk kan bli fordrivne frå politikken av dette?

– Og vi veit at det skjer. Mange politikarar har sagt at dei ikkje tek attval fordi dei ikkje orkar. Det kan føre til at ein rekrutterer andre politikarar som orkar å stå i det. Dette kan òg gjelde til dømes journalistar og bedriftsleiarar. Det er krevjande å risikere sjikane og hets på grunn av jobben sin. Fenomenet er ikkje nytt, men det er nok meir av det no.

– Om berre dei aller mest hardhuda orkar å stå i politikken, blir det politiske livet fattigare?

– Kanskje, men vi ser i alle fall at dette blir teke meir alvorleg enn før. Siv Jensen og Erna Solberg har oppmoda folk til å oppføre seg betre på nett, og viser at det ikkje er aksept for dette. Og mange aviser har kutta ut kommentarfelta sine, seinast var det Vårt Land som gjorde det.

– Mange trudde for 20 år sidan at nettet skulle vere ei utviding av demokratiet. Men om alle som ikkje er svært hardhuda, blir jaga ut av politikken, er det vel ei innskrenking av demokratiet?

– Kanskje, men alt i dag er det berre eit lite fåtal som har politiske verv. Og dette endrar seg med kva medium som er store. Da fjernsynet kom, vart det sagt at politikarar måtte vere tv-venlege for å fungere i rikspolitikken. Og det var tilsvarande diskusjonar da radioen kom. Kvar kommunikasjonskanal legg premissar for rekrutteringa til politikken.

– Vi har 20 års erfaring med nettdebatt no. Mange trudde dette ville gå seg til når folk vart vande med dei nye media. Men det ser ikkje heilt slik ut?

– Det var ein veldig optimisme tidleg på 2000-talet for kva internettet skulle gje oss av demokrati og politisk deltaking. Og det finst døme på at dette stemmer: Ein del folk som ikkje vart høyrde før, blir høyrde no. Men vi ser òg tydeleg dei mørke sidene. Det er lettare å drive hets og koordinerte kampanjar mot folk enn det var før.

– Er eit uredigert ordskifte dømd til å bli brutalt og sjikanøst? I så fall styrkar det ikkje trua på mennesket?

– Det som oftast skjer i uredigerte ordskifte, er at nesten ingen tek del i det heile. Så har du nokre tema som skaper svært stort engasjement og emosjonelle debattar. Der er det viktig å ha nokon som kan moderere, slette overtramp og få debatten inn på eit konstruktivt spor. Men i dag ser vi at mange medium ikkje har kommentarfelt, og dei passar meir på dei opne flatene dei har.

– Medan nettavisene no har fjerna kommentarfelta eller redigerer dei strengare, har vi fått alternative medium som resett, der tonen ofte er svært hard. Det er ikkje slutt på sjikanen?

– Nettstader som Resett tek særleg for seg tema dei meiner ikkje blir godt nok dekte av dei tradisjonelle media. Det mest særmerkte med desse nettstadene er at dei ikkje prøver å vere nøytrale, men har ein tydeleg politisk ståstad.

I Agenda Magasin tilrådde du Arne Næss sine normer for sakleg diskusjon som medisin mot forråinga av ordskiftet. Det verkar noko idealistisk?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis