Minneord

Olaf Almenningen (1947–2025)

Olaf Almenningen var ordboksredaktør og målmann.
Publisert Sist oppdatert

Olaf Almenningen døydde brått den 11. juni, 78 år gammal.

Olaf var frå Voss, men kom til å leve det meste av livet sitt i Oslo. Å skissere yrkeslivet hans i eitt eller få ord er ikkje så enkelt, men dei som redigerte heidersskriftet til syttiårsdagen hans, trefte midt i blinken med tittelen på skriftet: I teneste for nynorsken. Det var den store saka som han brukte eit heilt og rikt liv på.

Av utdanning var han filolog med nordisk som hovudfag frå Universitetet i Oslo etter føregåande studium ved Universitetet i Bergen. Frå byrjinga var han aktiv i studentmållaga desse to stadene, og dei arbeidsplassane der han brukte det meste av si tid var skrivarstova i Noregs Mållag og deretter redaksjonen for Norsk Ordbok på Majorstua og deretter Blindern. Begge stadene var han ei drivande og leiande kraft. I tillegg hadde han ein svær produksjon innanfor felta norsk språkhistorie, ikkje minst språkstridshistorie og målrørslesoge, og praktisk nynorsk språkbruk for studentar og andre.

Offentlegheita merka nok mest til Olaf i dei åra da han styrte skrivarstova i Noregs Mållag under fem leiarar, frå Ola Breivega i 1976 til Ola E. Bø i 1987. Det var ei stridstid, men Noregs Mållag var den gongen i ein offensiv fase i den openbert mest framgangsrike perioden vår generasjon hadde opplevd. Det var ikkje som i femtiåra, da ei aggressiv riksmålsrørsle køyrde ein knallhard og effektiv kampanje mot den offisielle tilnærmingspolitikken, mens målfolk brukte kampenergien til å sable ned andre målfolk fordi dei hadde «feil» målsyn. Også i syttiåra hadde vi interne fraksjonskampar i rørsla mellom den «nasjonale» og den «sosiale» lina. Olaf såg at begge «linene» ivaretok viktige verdiar i målreisinga, og la ned ein stor innsats i å dempe motsetningane og samle oss om dei sentrale krava og siktemåla som batt oss saman. Ikkje minst viktig i den samanhengen var skolemåls- og læremiddelsakene.

Eg har sjølv ikkje hatt Olaf som sjef eller leiar over meg, men vi har arbeidd saman i fleire bokprosjekt, både språkhistoria Språk og samfunn gjennom tusen år (1. utg. 1981, 6. utg. 2002), og jubileumsbøkene Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981, og Og byen er vår bror. Bondeungdomslaget i Oslo 1899–1989. Det største Olaf gav ut reint fagleg på dette feltet, var hovudoppgåva Målstrev og målvokster 1906–1913 (utgitt 1984), som handla om oppstartfasen til Noregs Mållag. Som kunnskapsbank om målreisingssoga kunne vel ingen overgå han.

I dei mest aktive åra sine hadde Olaf mange tillitsverv i ulike delar av den breie målrørsla. Såleis var han leiar i Oslo Mållag tidleg på 1980-talet, styremedlem i Riksfondet for nynorsk presse, styreleiar i Fram brevskule, og ikkje minst i Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo – der han også har dokumentert historia med to festskrift.

I 1987 skifta Olaf beite og gjekk over til redaksjonen av Norsk Ordbok, som låg under Universitetet i Oslo. Der arbeidde han fram til pensjonsalderen. Papirutgåva av Norsk Ordbok vart fullført i tolv band i 2016, og av dei ca. femti personane som har arbeidd med å redigere artiklar for ordboka, var Olaf den tredje mest produktive, med cirka 1300 ordboksspalter på namnet sitt – kvart band er på om lag 1600 spalter.

I tillegg til alt dette har Olaf gitt ut to handbøker i nynorsk, ei av dei saman med Aud Søyland, han har sett om cirka førti lærebøker i ymse fag til nynorsk (parallellutgåver), og han har gjort ein stor innsats for dialektane, delvis gjennom rein målpolitisk støtte, delvis ved å fremme og synleggjere lokale ordsamlingar over dialektar som også kom til nytte for Norsk Ordbok. Han har òg gitt ut ei ordtakssamling (1999).

At Olaf Almenningen ikkje er meir, er eit stort sakn for mange fleire enn dei aktive nynorskforkjemparane, men livsinnsatsen hans er blant oss framleis, og det er no eit ansvar for andre å halde ved like det nynorske språket – både kulturspråket og det daglegdagse bruksspråket. Første boka han gav ut, saman med Åsmund Lien, heitte Striden for nynorsk bruksmål (1978), og den striden må gå vidare, stadig med Olaf Almenningen som ei viktig leiestjerne.