JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Venstresidas sidesprang med Houellebecq

Det er noko grunnleggjande upolitisk ved Houellebecq som vernar han mot å verte politisk ferdigstempla. Del 3 av 3.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michel Houellebecq kallar seg sjølv ei sjuk, gamal skjelpadde, skriv Kaj Skagen.

Foto: Philippe Matsas / Flammarion

9126
20190405
9126
20190405

«Eg ser på Stalin med vørdnad», sa Michel Houellebecq i eit intervju med musikkmagasinet Les Inrockuptibles i samband med utgjevinga av skandalesuksessen De grunnleggende bestanddeler i 1998, «fordi han drap så mange anarkistar.» Til ein journalist i The Guardian som snakka med han om Underkastelse – romanen om islamisering av Frankrike – sa han i 2015 at han «truleg er islamofob», men at ein må hugse på at «fobi tyder redsle, ikkje hat».

Maskespelaren

Med denne typen tvitydige utsegner har Houellebecq gjort det vanskeleg å vite sikkert når han meiner det han seier, og når han er mest ute etter å syne respektløyse for trusartiklar i tida. Han kan kalle den franske intellektuelle og politiske klassa for «lam og feig». President Macron gjev han den franske Æreslegionen, og han takkar ikkje nei.

I eit intervju med det franske nyhendemagasinet L’Obs har han sagt at det «truleg er talentet mitt som gjer det umogeleg» for den politiske venstresida «å sjå meg som ein fiende».

Det er noko grunnleggjande upolitisk ved Houellebecq som vernar han mot å verte politisk ferdigstempla. Med den uflidde og drikkfeldige stilen sin ser han rett og slett ikkje ut som ein høgreekstremist, men snarare som ein uteliggjar. Kva for fascist ville finne på å kalle seg sjølv for «ei sjuk, gamal skjelpadde», slik Houellebecq gjer? Hadde han kledd seg i fine klede og gått til frisør, ville han kanskje ikkje overlevd i ålmenta.

Politikaren

I 2002 vart han trekt for retten for å ha kalla islam «den dummaste» av alle verdsreligionane. I ei takketale etter at han mottok Oswald Spengler-prisen i 2018, kalla han forfattarskapen sin eit vitnemål om «Vestens sjølvmord» og meinte at medlemskapen i EU var eit «mord» på alle dei europeiske nasjonane.

I eit innlegg i fleire vestlege aviser i november 2015 skulda han franske politikarar for å vere ansvarlege for terroråtaka i Frankrike og gjekk inn for å erstatte det representative styresettet med direkte demokrati, for på det viset å bli kvitt den politiske klassa.

I føredraget under mottakinga av Frank Schirrmacher-prisen i 2016 såg han for seg «ei stor framtid» for salafistisk islam i Europa fordi den retninga «har demografien på si side, medan Europa har slutta å få born og dimed starta på ein sjølvmordsprosess».

Same stad kallar han prostitusjonen «ei søyle for samfunnsordninga», for om ikkje prostitusjonen får fungere som korrektiv til ekteskapet, vil det gå under og trekkje heile samfunnet med seg. Han har sagt at feminismen bana vegen for nett den forma for seksualitet som mennene er interesserte i.

I Harpers Magazine 26. mars i år uttrykte han sympati med amerikanarane som måtte leve med ein så fråstøytande klovn som Trump som president, men meinte at Trump for resten av verda hadde vore «ein av dei beste presidentane han hadde opplevd», fordi han trekkjer USA attende frå verdsdominansen.

Den upolitiske

Ikkje alle meiner at Houellebecq bør få sleppe unna stempelet som høgreorientert. Skribenten Adam Soboczynski i Die Zeit skriv at Houellebecq gjer «høgreorientert, antiliberalt tankegods stovereint», og plasserer han i same «politiske avgrunn» som Ernst Jünger og Céline, med det meiner han i nærleiken av nasjonalsosialismen. Litteraturredaktøren i Tagesspiegel Gregor Dötzauer skriv at «den høgreorienterte elden i (Houellebecqs) tenking brenn med lysande flammer».

Sant er det at Houellebecq ikkje er feminist, sjølv om han sikkert er tilhengjar av like rettar for menn og kvinner. Han går ikkje inn for å utslette nasjonale særpreg, vil halde på dei skilde europeiske nasjonane, er motstandar av EU og ser på radikal islam som eit totalitært trugsmål.

Det kvalifiserer til å verte kasta ut i den politiske avgrunnen. Ser ein bort frå den skarpe uttrykksmåten til Houellebecq, kunne ein kanskje skjøne han ut frå den amerikanske sosiologen Daniel Bells namngjetne karakteristikk av sin eigen posisjon i The Cultural Contradictions of Capitalism: «Eg er sosialist i økonomien, liberalar i politikken og konservativ i kulturen.» Ein kan vere politisk liberalar og glødande sosialist og likevel ha mange synspunkt som bryt med kulturradikalismen og EU-tankane.

Det er heller ikkje lett å plassere Houellebecq innanfor det eindimensjonale spekteret frå høgre til venstre, særleg ikkje om ein ser romanane hans under eitt. I boka Michel Houellebecq: Humanity and its Aftermath meiner litteraturprofessoren Douglas Morrey at Houellebecq lyt forståast i ljos av den såkalla «posthumanismen», spørsmåla om kva nyare teknologi vil gjere med sjølve mennesket, eit tema som Houellebecq handsamar litterært i De grunnleggende bestanddeler og Muligheten av en øy.

Den venstreorienterte

Romanane hans fortel om menneske som har fått øydelagt det menneskelege av ein materialistisk og kapitalistisk kultur der pengar, teknologi, karriere og sex er dei høgste verdiane. Men eit særkjenne med denne øydeleggjande kulturen er at han held seg med ein humanistisk og etisk høgverdig retorikk.

Verda vår er destruktiv, og dei som står i spissen for destruksjonen – dei rike, dei mektige, dei danna – er alle humanistar. Dei menneskeleg øydelagde romanfigurane rettar dimed heilt logisk raseriet og forakta si mot verdiane til dei som har øydelagt dei.

Dimed oppstår ein antihumanistisk protest, og vi får den særeigne houellebecqske litteraturen, der den venstreliberale verda vert gjord til ingenting i eit ironisk og nihilistisk åtak som lett kan tolkast i eit venstreorientert perspektiv. Det reaksjonære hos Houellebecq kan altså tolkast som ein kritikk av kapitalismen.

Mykje av det vittige hos han ligg i framstillinga av ekstremt borgarlege og samstundes ekstremt melankolske menneske som gjennomskodar både pengemakta og eigen lågare natur, og ligg under for begge. Dei misantropiske, samstundes infantile og desillusjonerte, antifeministiske miniskjørtejegerane i romanane hans er ei berrlegging av kor elendig det går mennesket i den globale kapitalismen.

Bak elendet ligg ein protest mot mangelen på verdiar, slik han sjølv skildrar det i mottoet av Balzac som står fyrst i Plattform: «Jo skjendigere et liv er, desto mer tviholder menneskene på det. Det er en slags protest, en evinnelig hevn.»

Det er denne synsvinkelen sjefredaktøren i den danske avisa Information, Rune Lykkeberg, nyttar i omtalen sin av Serotonin i Klassekampen 22. januar i år. Han meiner Houellebecq vel forteljarar til romanane sine som snakkar ut frå «posisjonen til den privilegerte hvite mann», slik at romanen «lukker seg (...) om den hvite mannens utsiktspunkt som verdens forteller».

Det opnar for å sjå Houellebecqs forteljarar som ei iscenesetjing av «hvite menn fra den gamle verden, sperret inne i sine gamle forestillinger om lykken og dermed blinde for at frigjøringskampene for kvinner, arbeidere og minoriteter også har skapt muligheter for dem selv».

Gerontofoben

Lesne slik vert Houellebecqs romanar ei venstreorientert framstilling av elendet hos kvite gamle menn med avgrensa og falskt medvit, og dimed òg legitim lektyre for ortodokse sekstiåttarar. Houellebecq vert då ikkje ein kritikar av dei «progressive», men «sammenbruddets geni», som Lykkeberg skriv, ein forfattar som betre enn nokon annan klarer å framstille reaksjonære menn på eit vis som gjev dei progressive rett, fordi han viser kva eksistensielt elende ein hamnar i om ein ikkje vert sosialist.

Men sjølv om ein slik antikapitalistisk lesemåte kan ha noko for seg, fører han til ei radikal innsnevring av perspektivet i romanane. Om ein reserverer kritikken hos Houellebecq til kapitalismen, går ein glipp av at einsemda og verditapet, kjærleiksløysa og misantropien som pregar Houellebecq-romanane, ikkje berre er ei fylgje av nyliberalismen, men av den vanheilage alliansen mellom kapitalisme og kulturradikalisme.

Hos Houellebecq er det meir enn noko anna sjølvrealiseringa som har gått feil, og dette vert framstilt som eit resultat av ikkje berre nyliberalistisk kapitalisme, men heile det individsentrerte og materialistiske verdsbiletet frå opplysningstida til 1968. Dermed opnar Houellebecq for ein refleksjon over sjølve grunnlaget for den nyare vestlege sivilisasjonen, og i dette ligg appellen hans.

Den grenselause

I denne appellen inngår òg Houellebecqs ytterleggåande humor, som avvæpnar alle unnateke dei humørlause. Ekstremismen hans har noko upolitisk ved seg som treffer på tvers av grensene i politikken.

Houellebecqs forteljingar treffer samtida med ei diagnostisk kraft som gjer dei politiske synspunkta våre underordna. Det er difor mange av dei som ser at han politisk sett er ein fiende av venstresida, med rette nøler med å gå til åtak på han, nett slik Stalin heile livet heldt handa si over den arge kritikaren sin, forfattaren Boris Pasternak. Då det hemmelege sovjetiske politiet ville ta Pasternak, var meldinga frå Stalin: «Ikkje rør himmelbuaren.»

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det reaksjonære hos Houellebecq kan tolkast som ein kritikk av kapitalismen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis