Ute eller inne i distrikta – og verda?

Jamvekta mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan gje ny politisk tenking.

Dersom Sp og Ap kjem i posisjon til å danne regjering åleine, vil det vere noko nytt i norsk politikk.
Dersom Sp og Ap kjem i posisjon til å danne regjering åleine, vil det vere noko nytt i norsk politikk.
Publisert

«Senterpartiet vil bygge samfunnet nedenfra. Vi vil arbeide for et samfunn der mennesker kan utvikle seg fritt.» Slik opnar gjeldande verdiprogram for Senterpartiet. Det minner meg sterkt om 1970-åra og Bjørn Unnebergs «sosialisme for utkantproletarer». Unneberg og mange i Sp såg for seg ei form for lokalt samhald der tautrekkinga mellom ulike interesser i eit anarkisk spel skulle gje føremoner for alle. Og ein arv er det vel at Sp er nest største ordførarpartiet – etter Ap, som no har om lag ti fleire.

Unnebergianismen var fascinerande for ungdom på den tida og lokka dei inn i Populistiske arbeidsgrupper. Då var populisme eit ord for folkeleg samarbeid og lokalt engasjement om miljø og sunn framtid, gjerne overnasjonalt. Så tverrsnudde partiet under Dagfinn Vårvik til å bli konservativt og ikkje-globalistisk igjen.

Kontrast

Distriktspolitikken stod alltid i kontrast til midla for å halde distrikta oppe, med effektivisering og lokal sentralisering. Ikkje berre industri og tenesteytinghar gjennomlidd den utviklinga. Sidan 1970 er godt over 120.000 gardsbruk lagde ned. Jordbruksarealet er no knappe ti millionar dekar. No opplever mange bønder, fiskarar og grønsaksdyrkarar ei grense for effektiviseringa: Utgiftene i Noreg er høge, produksjonsutstyret dyrt og drifta arbeidsintensiv. Såleis ryk 1000 gardsbruk over ende i året. Dette merkar ein i tenestetilbod og skatteinngang til kommunane.

Arbeidarpartiet har gjeve opp distriktspolitikken. Dei argumenterer mot, men røystar for delprivatisering; dei lagar forlik i Stortinget som bind dei opp til sentrale løysingar; dei stør stivnakka new public management-løysingar i helseføretak og så bortetter. Såleis oppstår det paradokset at i Ap-leiinga i dag har tre av fire vakse opp i små distriktskommunar; den eine nestleiaren kjem frå ein arbeidarklassefamilie, den andre har bakgrunn som gardbrukar og lastebilsjåfør. Ein skulle tru dette gav Ap tillit i distrikta, men det ser ikkje ut til at den distriktskompetansen desse representerer, gjev utslag.

Lokkande retorikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement