JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Ulike måtar å sjå det sceniske på

Det store spelet om brannane ved Waras hus enda i ei absurd og tragisk skillingsvise.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«WAYS OF SEEING»: Sara (Hanan), tidlegare høgsterettsdomar Ketil Lund og eit skrømt på veg gjennom «maktens rotsystemer».

Foto: Leif Gabrielsen/Black Box

5400
20190322
5400
20190322

hompland@online.no

Mange meiner mykje om Ways of Seeing og alt teaterframsyninga har ført med seg, men berre nokre få hundre har sett stykket. Mellom dei er ikkje statsadvokaturet og politiet som i månadsvis og ved eit såkalla arbeidsuhell tok anmeldelsen frå sambuaren til justisministeren som dokumentarisk faktum.

Laila Anita Bertheussen og konspiratoriske meiningsfellar på repeat og resett gjorde framsteg med å skaffa seg tolkingsmonopol. Alt hamna i ei svart boks med overvaking, humane rettar, invadering, privatlivets fred, Entartete Kunst, terrorfare og trugsmål mot politikarar, demokratiet, bilar, liv og helse. «Konspirasjonsteorier de hevder er kunst», sa Wara. Den forteljinga flytta statsminister Erna Solberg inn i og iscenesette sin moralske konkurs, men ho sa det ikkje akkurat på den måten.

SPALTISTEN er ein av dei få som har sett stykket – på Black Box ein regnvåt kveld i slutten av november, saman med Byråsjefen. Han var ikkje der fordi han liker fritt gruppeteater off-National og off-Det Norske, men fordi han ville sjå korleis leiaren av Lund-kommisjonen og pensjonert dommar i Høgsterett, Ketil Lund, rigga i rolla som Ketil Lund.

Han blei ikkje skuffa. Den radikale og eplekjekke rampeguten briljerte som laid-back jurist og perfid polemikar. Han dukka først opp på scena då han som tilfeldig turgåar i den rette åsen støytte på to unge kvinner som låg i løynd og filma ein villa bak ein hekk som hadde vakse seg kjempehøg – Lund hadde hatt barndomsvenner der, men han kjende ikkje pengemannen som hadde flytta inn og snudd om på alt. Så drog han historia om at Kåre Willoch aldri likte Lund-kommisjonen, og at det kunne koma av at unge Ketil og tenniskameratane hans ein gong blei tatt på fersken då dei var på epleslang i Willochs hage.

KETIL LUND i rolla som Ketil Lund glei raskt over i rolla som juridisk garantist for at kvinnene ikkje gjorde noko kriminelt når dei filma fasadane til finansfolk med spett i ryggen, Nato-sjef Jens Stoltenberg, antiislamske høgrepublisistar og framstegspolitikarar. På scena var dei flimrande og personlause opptaka bakteppe for deklamatoriske tekstar om overvaking, rasisme, Algerie og Le Pen, pluss hyllingstale til det frie, likestilte og demokratiske Rojava i Kurdistan. Innimellom spaserte Ketil Lund nonsjalant rundt og framførte kritikk av regjeringas planar om utvida dataovervaking av norske borgarar – seinare trykt i utdrag som kronikk i Klassekampen. I programheftet blei dette framstilt som «ei reise i maktens rotsystemer».

Byråsjefen tykte det var ei uferdig og rotete vandring i upålitelege gråsoner mellom det legale og det legitime, det passande og det upassande. Han følte ubehag ved snokinga i buskane, sjølv om han forstod at det var fiksjon; at skodespelar­aktivistane faktisk ikkje hadde kringsett og spionert på folka i husa i dagevis, men berre gjort kornete opptak til bruk som kulissar på scena. Byråsjefen meiner likevel at ytringsfridomens grenser bør gå minst fire meter utanfor hagegjerdet. Derfor liker han heller ikkje at statlege tryggingsmakter vil samla inn og sikkert dela datatrafikken vår med samarbeidande tenester i Trumpland.

PÅ DEN OFFENTLEGE scena og i nettkrokane tok det heilt av i kjende sløyfer med velkjende rollefigurar og replikkar. Konspirasjonsteoriar frå ytre høgre blei møtte av konspirasjonsteoriar frå venstre. Teaterfolket, som burde skjøna seg på performance og mediedramaturgi, var merkeleg uførebudde. Uansett kva spørsmålet var, svara dei økseskaft, ytringsfridom og «kunstens frihet». Når dei ikkje ville gå inn på om eit scenestykke kan føra til at det klikkar for tikkande bomber, tydde dei til det pinlege: «Det er jo bare teater.»

Den absurde førestillinga har kome inn i ein komisk og tragisk fase. Den skuldplasserande Bertheussen er sikta for å ha tent på bilen medan mannen var på fotballkamp på Anfield i Liverpool med gutta frå First House. Og det skal kompisane ha: Dei tar «You’ll never walk alone» på alvor og tar ut ferie for å vera saman med Wara og sambuaren i den tunge tida. «Uten å fakturere», som det heiter i lobbysjef Per H’s siste nedtegnelser til almenheten.

Det er så ein skulle tru at manus var skrive av regissøren Pia Marie Roll. Iscenesetting er eit fag, så ho skjønte openbert kva ho snakka om då ho kommenterte siste brannforsøk ved Waras hus.

SPALTISTEN er ikkje teatral og tar nødig ord som «situert», «narrativ» og «diskurs» i sin penn, men her kan dei vera gode å tenka med.

Det som undrar han, er at kultur-, kunst- og teaterkunnige ikkje har tolka referansen som ligg i tittelen Ways of Seeing: Både i BBC-serien og som bok er det sjølve kjernen hos målaren, forfattaren og kritikaren John Berger (1927–2017), ein av dei mest framståande intellektuelle i mange tiår. Han hadde eit skarpt blikk både på maktelite og kunstnarisk jåleri. Han såg kunsten som ei hjelp til å snu synsvinklar, tolka ideologiske tilsløringar og stilla spørsmål ved kulturelle og politiske kanonar som blir tatt for gitt.

Berger opnar for mykje meta og mange lag i kulturelle tolkingsfelt, som i det som er blitt ei skillingsvise om Wara og den svarte boksen.

Quod erat demonstrandum.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«The way we see things is affected by

what we know or what we believe.»

John Berger

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis